Anke over frifinnande lagmannsrettsdom handsama med lagrette.

20.12.2005, HR-2005-01986-A, (sak nr. 2005/1502), straffesak, anke
Straffeprosessloven § 347 annet ledd
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Bjørn Feyling) mot A (advokat Erling O. Lyngtveit)

Rt-2005-1702

Stabel, Kaasen, Øie, Matningsdal og Tjomsland

A vart i tingretten domfelt for det såkalla Drammensranet. I lagmannsretten vart han frifunnen, etter at lagretten hadde svart nei på skuldspørsmålet. Før lagretten trekte seg attende, hadde lagmannen sagt: "Eg finn grunn til å seia at eg i mi tid som dommar her i domstolen - det nærmar seg 17 år no - ikkje kan hugsa å ha sett ein tiltale som er såpass svakt fundert, i ei alvorleg straffesak." Høgsterett kom til at lagmannen si ytring utgjorde ein sakshandsamingsfeil, og oppheva dommen med hovudforhandling.

Det klåre rettslege utgangspunktet er at det ikkje er ein sakshandsamingsfeil at lagmannen har sagt kva han meiner om prova. Men utsegnene må ikkje vera misvisande, og dei må ikkje kunna påverka lagretten utilbørleg. Lagmannen må kunna byggja på den juridiske kompetansen sin og den allmenne livsrøynsla si. Det går likevel ei grense ved å trekkja inn tilhøve som ikkje kan overprøvast, og som lagretten ikkje har høve til å korrigera. Då lagmannen på grunnlag av den omfattande dommarrøynsla si vurderte kor velgrunna tiltalen var, trødde han over denne grensa. Høgsterett la her vekt på at straffeprosessloven legg opp til ei klår funksjonsdeling mellom lagretten og lagmannen, og mellom lagmannen og dei andre fagdommarane, som samla har kompetanse til å setja lagrettsavgjerda til side.

Les heile avgjerda

Til toppen