Kan ein nekta odelsløysing etter odelslova § 21 andre leden som klårt urimeleg andsynes eigaren?

21.11.2005, HR-2005-01811-A, (sak nr. 2005/364), sivil sak, anke
Odelslova § 21 andre leden
Nils Hilleren (advokat Bjørn Eriksen) mot Katy Marie Hilleren (advokat Arne Gjeraker)

Rt-2005-1515

Bruzelius, Coward, Oftedal Broch, Utgård og Aasland

Harald Hilleren testamenterte eigedomen Hilleren i Veitastrond til brordotter si Katy Marie Hilleren. Nils Hilleren, som er bror til Harald Hilleren, og som har betre odelsrett enn Katy Marie Hilleren, reiste sak om odelsløysing. Under saksførebuinga gjorde Katy Marie Hilleren gjeldande motsegner mot løysingsretten hans, jf. § 21 andre leden, og Nils Hilleren reiste særskilt fastsetjingssøksmål om løysingsretten, jf. § 64 i lova.

Tingretten og lagmannsretten frifann Katy Marie Hilleren. Nils Hilleren anka dommen i lagmannsretten til Høgsterett. Anken galdt provvurderinga og rettsbruken. Høgsterett tok anken til følgje, sidan det ikkje ville vera klårt urimeleg om Nils Hilleren får løysa eigedomen på odel. Det ligg i odelsretten at den aktuelle innehavaren blir driven bort av odelsløysaren, og dette gjev normalt ikkje grunnlag for å hindra løysing. Rimelegvurderinga etter § 21 må ha dette utgangspunktet, jf. Rt. 1978 side 268, og det skal ikkje gjerast noka konkret rimelegvurdering av kven som burde få sitja med eigedomen. Retten viste til dei momenta som det har vore lagt vekt på ved vurderinga i tidlegare avgjerder, jf. Rt. 2000 side 1634. Eit særskilt spørsmål i saka var om Katy Marie Hilleren kunne identifiserast med den monalege arbeidsinnsatsen far hennar hadde gjort på garden.

Høgsterett gav uttrykk for at det kunne vera eit moment av ei viss vekt, og viste til Rt. 2004 side 536 avsnitt 28. I samband med ankeforhandlinga for Høgsterett gav Nils Hilleren fyrst uttrykk for at han ville retta seg etter føresegnene om bu- og driveplikt i odelslova § 27 fyrste leden. Ankemotparten reiste difor spørsmål om realismen i planane hans.

Med tilvising til Rt. 1990 side 278 og Rt. 2004 side 1695 sa retten at antesipert misleghald av bu-og driveplikta berre i unntakstilfelle vil føra til at det blir nekta odelsløysing.

Les heile avgjerda

Til toppen