Aksjonærar som krev frådag for tap på lån til Norsk Struts AS

Høgsteretts dom 01.02.2008, HR-2008-00196-A, (sak nr. 2007/1039), sivil sak, anke
Skattelova § 6-2 andre ledd
Åge Oddvar Hammer mfl. (advokat Kim Dobrowen) mot staten v/Skatt Midt-Norge (advokat Arne Haavind)

Dommarane: Stang Lund, Øie, Oftedal Broch, Endresen, Lund

Aksjonærar som krev frådag for tap på lån til aksjeselskap og innfriing av kausjon for selskapets lån, jf. skattelova § 6-2 andre ledd.

Norsk Struts AS blei stifta i 1985 av eigarane av åtte gardsbruk, som sjølv teikna alle aksjane. Verksemda til selskapet var avl, oppdrett, slakting, vidareforedling og kjøp og sal av struts og strutseprodukt. Eigarane fekk same haust tildelt bygdeutviklingsmidlar, som dei investerte i selskapet. Eigarane sat i styret og deltok i drifta av selskapet. Kvar einskild eigar leverte også varer og tenester til selskapet for mindre summar.

Norsk Struts gjekk konkurs i 2001. Eigarane kravde som aksjonærar frådrag i eiga næringsinntekt av gardsdrifta for tap på lån og innfriing av kausjonar for selskapets lån. Då dei blei nekta slikt frådrag under likningshandsaminga, reiste fem av eigarane sak om gyldigheita av likninga. Tingretten oppheva likninga. Lagmannsretten frifann staten.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen