Forholdsmessig frådragsrett for inngåande meirverdiavgift

Høgsteretts dom 20.06.2008, HR-2008-01107-A, (sak nr. 2008/557), sivil sak, anke
Meirverdiavgiftslova § 21, jf. § 23
Staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Goud Helge Homme Fjellheim) mot Bowling 1 Strømmen (advokat Cecilie Aasprong Dyrnes)

Dommarane: Stabel, Flock, Skoghøy, Endresen, Gussgard

Spørsmål om forholdsmessig frådragsrett for inngåande meirverdiavgift ved delt verksemd, meirverdiavgiftslova § 21 jf. § 23.

Bowling 1 Strømmen AS har lokale i Strømmen Storsenter og driv bowling- og biljardverksemd, som er avgiftsfritt, i kombinasjon med servering, som er avgiftspliktig. Serveringa skjer frå ei serveringsøy midt i lokalet, og mat og drikke kan fortærast rundt og omkring bowlingbanene og biljardborda. Fellesutgifter som straum og reinhald har vore fordelte forholdsmessig basert på omsetningstal, med 26 % på serveringsverksemda. I 2006 søkte selskapet om forholdsmessig frådrag også for utgifter til vedlikehald av bowlingbanene og biljardborda. Kravet blei avslått av fylkesskattekontoret. Tingretten fann at avslaget var gyldig, mens lagmannsretten oppheva vedtaket i fylkesskattekontoret.

Høgsterett kom til same resultat som tingretten. For at inngåande avgift skal kunne trekkjast frå, må ho anten knyte seg til den avgiftspliktige delen eller gjelde innkjøp for begge verksemdene som ei fellesutgift. Nokon kategori ut over dette er det ikkje plass til. Ut frå rettspraksisen kan det krevjast frådrag for nyskaffingar og driftsutgifter til avgiftsfri verksemd, under den føresetnad at dei er innsatsfaktorar for omsetninga av avgiftspliktige ytingar. Er nyskaffinga til direkte, faktisk bruk i begge verksemdene, vil kravet vere oppfylt, dersom ho er relevant og har naturleg og nær tilknyting til den avgiftspliktige delen. Ei rein bedriftsøkonomisk tilknyting er normalt ikkje tilstrekkeleg. Utgiftene til bowling- og biljardutstyret var ikkje til faktisk bruk i serveringsverksemda – det skjedde ingen felles fysisk bruk. Hovudtilknytinga var den reint økonomiske. Vilkåret for frådrag var derfor ikkje oppfylt.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen