Forståinga av yrkesskadeforsikringslova § 11

Høgsteretts dom 27.11.2008, HR-2008-02053-A, (sak nr. 2008/1099), sivil sak, anke over dom

Yrkesskadeforsikringslova § 11 første ledd bokstav c

If Skadeforsikring NUF (advokat Truls Nygård) mot A (advokat Elisabeth S. Grannes)

Dommarane: Stang Lund, Utgård, Bårdsen, Øie, Lund

Ved gjennomføring av periodisk vedlikehald av ei steinknusarmaskin i mars 2002 fekk A ein skulderskade under utføringa av eit tungt løft. Skaden blei ikkje godkjend som yrkesskade etter folketrygdlova, sidan hendinga ikkje blei rekna som ”arbeidsulykke”, jf. § 13-3. Han kravde deretter skaden dekt som yrkesskade etter yrkesskadeforsikringslova § 11 første ledd bokstav c om annan skade og sjukdom som kjem av påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar.

Tingretten og lagmannsretten fann at If var erstatningsansvarleg etter yrkesskadeforsikringslova § 11 første ledd bokstav c. If anka til Høgsterett over rettsbruken i lagmannsretten.

Høgsterett forkasta anken. Bokstav c måtte forståast slik at han supplerte både bokstav a om yrkesskade og bokstav b om likestilt skade og sjukdom. Etter nyare trygdepraksis og avgjerdene i Rt. 2005 side 1458 og Rt. 2007 side 1757 kan spesielt tunge løft i seg sjølv gi grunnlag for yrkesskadedekning etter folketrygdlova § 13-3 andre ledd andre punktum. Den aktuelle skaden låg heilt opp til situasjonar som er omfatta av yrkesskadeforsikringslova § 11 første ledd bokstav a jf. folketrygdlova § 13-3 andre ledd. Skulderskaden var eit typisk utslag av ein risikofylt arbeidssituasjon ved utføringa av arbeidsprosessar. Arbeidsgivaren vil normalt vere nærmast til å bere risikoen for slike skadar.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen