Krav om økonomisk oppreising etter reportasje i Se og Hør førte ikkje fram

Høgsteretts dom 02.09.2008, HR-2008-01480-A, (sak nr. 2008/533), sivil sak, anke
Skadebotlova § 3-6, jf. straffelova § 390
Se og Hør Forlaget AS, Odd Johan Nelvik, Anders Johan Stavseng og Morten Krogh (advokat Halvard Helle) mot Lars Lillo-Stenberg og Andrine Sæther (advokat Harald Stabell)

Dommarane: Utgård, Tønder, Endresen, Bårdsen, Schei

Saka gjaldt krav på oppreising etter skadebotlova § 3-6, jf. straffelova § 390 (krenking av privatlivets fred), subsidiært etter åndsverklova § 55, jf. § 45c (retten til eige fotografi), i begge tilfelle samanhalde med Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8, jf. artikkel 10. Kravet var sett fram av Andrine Sæther og Lars Lillo-Stenberg, med grunnlag i at Se og Hør hadde publisert ein artikkel med bilete frå då dei vart vigde 20. august 2005. Vigselen fann stad på ein holme i sjøen utanfor eit pensjonat på Tjøme. Bruda hadde saman med seks brudejenter kome til holmen i ein bjørkepynta robåt. På holmen vart ho møtt av den komande ektemannen, og i tillegg av eit mannskor som song ein salme.

Ein fotograf og ein journalist frå Se og Hør følgde hendinga på 200–250 meters avstand, og det vart teke bilete med telelinse. Bileta viste ikkje sjølve vigselen men paret på veg til og frå denne. I reportasjen var nokre av gjestane namngjevne.

Fleirtalet i Høgsterett, tre av dommarane, kom til at Se og Hør verken hadde krenkt vernet av privatlivets fred eller retten til eige fotografi. Det vart teke utgangspunkt i Høgsteretts dommar i Rt. 2007 side 687 (Big Brother) og Rt. 2008 side 489 (Plata). Reportasjen gjaldt privatlivet, og han var gjort utan samtykke. Det måtte då skje ei avveging av om reportasjen var rettsstridig, jf. også Den europeiske menneskrettsdomstolens dom 24. juni 2004 i saka von Hannover mot Tyskland. Sakstilhøvet i saka no skilde seg frå dei tidlegare sakene, som til dels hadde innebore ei trakassering av private, og ei invadering av privatlivet gjennom fleire reportasjar. Etter ei avveging av interessene kom fleirtalet til at reportasjen ikkje krenkte rettane til Sæther og Lillo-Stenberg.

Mindretalet på to var einig med fleirtalet i dei rettslege utgangspunkta, men hadde eit anna syn når det gjaldt interesseavveginga.

Les avgjørelsen i sin helhet 

Til toppen