Kva for aktivitetar som kan reknast som eigedomsmekling

Høgsteretts dom 26.11.2008, HR-2008-02048-A, (sak nr. 2008/923), sivil sak, anke over dom

Eigedomsmeklingslova av 1989 § 1-1

Vita Eiendom AS (advokat Henning E. Asheim) mot Follo Bygg og Eiendom AS (advokat Ole Marius Bachke)

Dommarane: Matningsdal. Stabel, Indreberg, Endresen, Lund

To brør hadde eit tomteområde på om lag seks daa for sal. Dei vende seg til ein advokat og eigedomsmeklar for å få hjelp til salet. Eigedommen blei ikkje avertert, men meklaren sette i første omgang opp eit oppslag utanfor kontoret sitt. I tillegg vende han seg til kontaktane sine blant utbyggjarar. Ein av dei var Terje Gottfredsen i Vita Eiendom AS.

Gottfredsen sende deretter eit notat til sine kontaktar med ei rekkje opplysningar om eigedommen. Notatet, som ikkje opplyste kvar eigedommen låg, inneheldt blant anna ein klausul om at den som ville få ”tilgang til forhandlingsbordet”, måtte betale eit formidlingshonorar på kr 250 000 pluss meirverdiavgift til Vita Eiendom AS. Betalingsplikta føresette at det blei inngått avtale om kjøp av eigedommen.

Ein av Gottfredsens kontaktar som fekk notatet tilsendt, sende det vidare til Follo Bygg og Eiendom AS, som deretter vende seg til Gottfredsen. Resultatet blei at Follo Bygg og Eiendom AS kjøpte tomta.

Follo Bygg og Eiendom AS har nekta å betale det kravde formidlingshonoraret og er frifunne for kravet både i tingretten og i lagmannsretten. Høgsterett kom til same resultat, siden Høgsterett òg kom til at den utviste aktiviteten måtte reknast som eigedomsmekling etter eigedomsmeklingslova, med den konsekvens at Vita Eiendom AS ikkje kunne krevje formidlingshonorar.

Høgsterett viste til at ei totalvurdering av dei framlagde opplysningane og den gjennomførte aktiviteten åleine kunne tilseie at det var snakk om eigedomsmekling. Gottfredsen hadde dessutan opptredd på ein slik måte at Follo Bygg og Eiendom AS måtte oppfatte det slik at han samarbeidde med seljaren og meklaren. Hans eigen aktivitet måtte etter dette sjåast i samanheng med den aktiviteten meklaren viste. På denne bakgrunnen fann Høgsterett det klart at forholdet blei omfatta av eigedomsmeklingslova.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen