Skjeringstidspunkt for faktum som skal omsyntakast av Trygderetten

Høgsteretts dom 20.05.2008, HR-2008-00897-A, (sak nr. 2007/1716) sivil sak, anke
A (advokat Gro Sandvoll) mot staten v/Arbeids- og velferdsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Erlend Haaskjold)

Dommarane: Utgård, Tjomsland, Flock, Kaasen, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om kva som er skjeringstidspunktet for det faktum som skal omsyntakast av Trygderetten.

Fylkestrygdekontoret tok opp til ny vurdering spørsmålet om rett til uførepensjon for A etter at det ved det opphavlege vedtaket hadde vore bygd på m.a. erklæring frå lege som seinare miste retten til å skrive erklæringar til trygda og deretter også miste autorisasjonen som lege. Grunnlaget for revurdering var folketrygdlova § 12-12 om revurdering av uføregraden, jf. § 21-6 om endra forhold.

Fylkestrygdekontoret omgjorde vedtaket om å gi A uførepensjon. A anka vedtaket til Trygderetten. Fylkestrygdekontoret sende utkast til oversendingsbrev til A for uttale. I svaret vart det lagt fram ei erklæring frå ny behandlande lege, som kunne tyde på at det etter omgjeringa av vedtaket hadde skjedd ei klar forverring av helsetilstanden for A.

Trygderetten hadde lagt til grunn tidspunktet for underinstansen – fylkestrygdekontoret – sitt vedtak som skjeringstidspunkt for faktum som skulle omsyntakast av Trygderetten. Dette slutta lagmannsretten seg til.

Høgsterett kom til at det ikkje gir noka løysing med omsyn til skjeringstidspunktet at Trygderetten er eit frittståande forvaltningsorgan. Ei samla vurdering av prosessreglane peikar derimot i retning av at Trygderetten skal vurdere bevis ut frå tidspunktet for sluttbehandlinga der. Regelverket er såleis tilpassa at Trygderetten skal prøve alle sider ved saka, og då er ei notidsvurdering mest nærliggjande.

Trygderetten har sjølv hatt ein praksis som i hovudsak har innebore at tidspunktet for vedtak i underinstansen skal leggjast til grunn, men med unntak der tilbakevising til underinstansen synest lite tenleg, der spørsmålet er tilstrekkeleg klarlagt og avgjerdsgrunnlaget er forsvarleg og der det har gått svært lang tid. Høgsterett viste til at ei slik avgrensing er uklar og reiser spørsmål ved rettstryggleiken. Det valet Trygderetten gjer, kan og få materiell verknad for den private parten.

Høgsterett kom til at det ikkje ligg føre vektige grunnar som talar for at Trygderetten, ulikt det som gjeld for andre forvaltningsorgan, ikkje skal ha plikt til ei fullstendig prøving av dei faktiske tilhøva på vedtakstidspunktet. Det vart vist til Rt. 2007 side 1815 og til ordlyden i trygderettslova § 19 første ledd.

Det er i dommen merknader om plikta til utgreiing, jf. trygderettslova § 15, og om høvet til oppheving og heimvising til ny behandling.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen