Spørsmål om erstatningsansvar for ein kommune etter at ein ung gut blei skadd ved bruk av eit slengtauanlegg.

Høgsteretts dom 06.02.2008, HR-2008-00235-A, (sak nr. 2007/1207), sivil sak, anke
Skadeserstatningslova § 2-1
X kommune (advokat Tor Strand) mot A (advokat Lars Inge Ørstavik)

Dommare: Coward, Matningsdal, Skoghøy, Tønder, Gussgard

X kommune hadde sommaren 2000 opna eit anlegg med leike- og treningsapparat, blant anna eit slengtauanlegg. I ein pause i ein gymnastikktime 1. september 2000 byrja A, som då var snart 17 år, på eige initiativ å bruke anlegget. Han slengde seg på skrå i anlegget med stadig aukande fart. Han fall ned og landa på hovudet eller nakken og blei alvorleg skadd. Han kravde erstatning frå kommunen.

Tingretten og lagmannsretten kom til at kommunen hadde erstatningsansvar etter skadeserstatningslova§ 2-1 om arbeidsgivaransvaret, men at A hadde medverka på ein slik måte at erstatninga blei avkorta med ein tredel. 

Kommunens anke til Høgsterett førte fram. Høgsterett bygde på at det måtte gjerast ei vanleg aktsemdsvurdering. Det blei uttalt som eit sjølvsagt utgangspunkt at anlegg for fysisk aktivitet for barn og ungdom skal vere sikra mot alvorlege skadar som kan oppstå ved bruk av anlegget. Men når ein skal avgjere kor stor risiko som kan godtakast, må ein ta omsyn til at ønsket om størst mogleg tryggleik til ei viss grad kan stå i motstrid til ønsket om å oppnå den gevinsten barn og unge får av fysisk aktivitet.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen