Spørsmål om omstøyting i konkurs

Høgsteretts dom 18.09.2008, HR-2008-01590-A, (sak nr. 2008/694), sivil sak, anke over dom
Dekningslova § 5-5
Terje Skatland AS, dets konkursbo (advokat Lars Nygaard) mot Rema 1000 Norge AS (advokat Sam E. Harris)

Dommarane: Bårdsen, Tønder, Flock, Stabel, Stang Lund

Selskapet Terje Skatland AS hadde sidan 1983 drive kolonialforretning på Grubhei i Mo i Rana. Drifta var basert på ein franchiseavtale med Rema 1000 Norge AS (Rema). I november 2004 sa Rema opp franchiseavtalen på dagen. Under tilvising til føresegner i franchiseavtalen overtok Rema heile varelageret til innkjøpspris og ein del av driftsutstyret mot at vederlaget blei gjort opp ved motrekning av Remas krav mot selskapet. Same dag selde Rema varelageret og driftsutstyret til eit nystifta selskap, som førte drifta vidare i dei same lokala som Rema-butikk. Tre veker seinare blei det opna konkurs i Terje Skatland AS.

Bustyret kravde salet omstøytt både etter den objektive omstøytingsregelen i dekningslova § 5-5 og etter den subjektive omstøytingsregelen i § 5-9. Både tingretten og lagmannsretten frikjende Rema.

Rema argumenterte med at disposisjonen ikkje kunne reknast som ”betaling av gjeld”, og at han i alle fall måtte sjåast på som ”ordinær” ut frå forholda i saken. Det blei vist til at transaksjonen gjorde det mogleg å få til ei rask vidareføring av drifta, og at han økonomisk sett neppe hadde gjort det vanskelegare for kreditorane å få dekt krava sine.

Høgsterett gav buet medhald. Sikring av vidare butikkdrift var ikkje avhengig av at varelageret og driftsutstyret gjekk til dekning av Remas tilgodehavande gjennom motrekning. Rema hadde dessutan medvite late vere å etablere varelagerpant, blant anna for at franchisetakaren skulle oppnå gode innkjøpsprisar frå eksterne vareleverandørar, som i dette tilfelle utgjorde 45 % av innkjøpa. Dersom føresegna om motrekning i franchisekontrakten skulle stå seg overfor kreditorfellesskapet, som i hovudsak var vareleverandørar, ville Rema i røynda oppnå full tryggleik så langt varelageret og driftsutstyret dekte kravet. Blant anna under tilvising til omsyna bak pantelova § 1-2 andre ledd blei ei slik løysing ikkje funnen akseptabel. Transaksjonen måtte reknast som ”betaling av gjeld” og kunne ikkje sjåast på som ordinær. Vilkåra for omstøyting etter dekningslova § 5-5 var derfor til stades.

Les avgjørelsen i sin helhet 

Til toppen