Spørsmål om retten til erstatningskrav direkte mot forsikringsselskapet var fråveket

Høgsteretts dom 19.09.2008, HR-2008-01602-A, (sak nr. 2008/428), sivil sak, anke
Cox Dedicated Corporate Members Ltd. (advokat Nina Hidle) mot Pedro Luis Lopez Bernal (advokat Steinar Winther Christensen)

Dommarane: Flock, Bårdsen, Tønder, Stang Lund, Gussgard

Ved ansvarsforsikring kan den skadelidde etter FAL § 7-6 første ledd krevje erstatning direkte frå forsikringsselskapet. Saka gjaldt retten til ved avtale å fråvike denne føresegna når forsikringa er knytt til luftfartøy, jf. FAL § 1-3 andre ledd bokstav d, og om partane i saka har inngått ein slik avtale.

Bernal var sommaren 2000 passasjer i eit småfly som styrta. Eigaren hadde leigd ut flyet til Follo flyklubb, der det blei brukt mot vederlag, hovudsakleg av klubbmedlemmene. Gjennom meklar i Noreg og i England hadde eigaren forsikra flyet i eit engelsk forsikringsselskap, Cox. Bernal blei skadd og kravde erstatning. Han gjekk til søksmål direkte mot selskapet i tingretten, som 10. mai 2005 frifann Cox. Bernal anka dommen til Agder lagmannsrett, som i dom 30. november 2007 tildømde han 2 500 000 kroner i erstatning.

For Høgsterett gjaldt saka særleg to spørsmål. I det første kom Høgsterett til at føresegna i FAL § 7-6 om at den skadelidde kan rette erstatningskrav direkte mot forsikringsselskapet, var fråvike i forsikringsavtalen mellom flyeigaren og Cox. Den klausulen som var brukt, var ein integrert del av ein forsikringsavtale som var gjord i ein internasjonal samanheng. Klausulen hadde eit avklara og innarbeidd innhald etter engelsk rett, og det måtte vere avgjerande ved tolkinga.

For det andre blei det då eit spørsmål om forsikringsavtalen gjaldt eit område der det etter FAL § 1-3 andre ledd bokstav d var høve til å fråvike direktekravsregelen i § 7-6. Høgsterett vurderte verksemda til flyeigaren som næringsverksemd og svarte dermed stadfestande.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen