Spørsmålet om eit vedtak om etterutrekning av meirverdiavgift var gyldig eller ikkje

Høgsteretts dom 26.05.2008, HR-2008-00930-A, (sak nr. 2008/58), sivil sak, anke
Meirverdiavgiftslova § 55
Staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Gunnar O. Hæreid) mot MMC Tendos AS (advokat Helge Aarseth)

Dommarane: Indreberg, Bruzelius, Oftedal Broch, Matningsdal, Schei

Selskapet Optimar Herøy AS hadde kravd frådrag for meirverdiavgift betalt ved kjøp av ein del av eit varelager. Buet hadde abandonert varelageret til konkursdebitoren Optimar AS av. Kjøpesummen, inkludert meirverdiavgift, blei betalt direkte til panthavaren.

Høgsterett kom etter ei heilskapsvurdering i tråd med tilvisinga i Rt. 2000 s. 268 – brørne Gjermundshaug-dommen – til at salet skulle vore avgiftsfritt, fordi det inngjekk som ledd i overdraging av ein del av verksemda til Optimar AS, jf. meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 6. Optimar Herøy AS’ omsetningsoppgåve var derfor uriktig.

For at avgiftsstyresmaktene i eit slikt tilfelle skal kunne etterutrekne meirverdiavgift etter meirverdiavgiftslova § 55 første ledd nr. 2, er det eit vilkår at kjøparen har vore klar over eller har vist kvalifisert uaktsemd med omsyn til at seljaren ikkje hadde rett til å krevje avgift. Høgsterett meinte at vilkåret var oppfylt. Det var klart for kjøparen at ein ønskte å halde fram med verksemda, og mange moment trekte i retning av at ein her stod overfor ei verksemdoverdraging. I tillegg var det på same tid som den aktuelle avtalen blei inngått, også gjort avtalar om sal av driftsmiddel frå pantekreditoren SND og frå konkursbuet. I desse avtalane blei det ikkje kravd meirverdiavgift. Det heitte uttrykkjeleg i avtalen med SND at partane meinte det dreia seg om overdraging av eit "going concern", men at kjøparen eventuelt skulle betale avgift dersom salet likevel var avgiftspliktig. Når konsekvensane av å leggje til grunn eit anna syn på avgiftsspørsmålet ved varelagersalet var at Optimar Herøy AS fekk frådrag for ca. 1,1 million kroner, utan at ein tilsvarande sum blei betalt inn til avgiftsstyresmaktene, hadde kjøparen ei særleg oppfordring til å undersøkje avgiftsspørsmålet grundig. Optimar Herøy AS hadde ikkje gjort tilstrekkeleg grundige undersøkingar, og vedtaket om å etterutrekne avgifta var dermed gyldig.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen