Spørsmålet om overdraging av ein part i eit burettslag

Høgsteretts dom 25.11.2008, HR-2008-02039-A, (sak nr. 2008/1268), sivil sak, anke over dom

Arvelova § 53

A (advokat Allan Rognan) mot B og C (advokat Janne K. Rasmussen)

Dommarane: Skoghøy, Gussgard, Tjomsland, Tønder, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om overdraging av ein part i eit burettslag skulle kjennast ugyldig som dødsdisposisjon, jf. arvelova § 53, jf. § 35.

D (fødd 1933) overdrog i mai 2000 den ca. 60 kvadratmeter store burettslagsleilegheita si i Y til sonen A. Leilegheita var før overdraginga pantsett for lån på om lag kr 150 000 som var teke opp til fordel for A. Givaren heldt fram med å bu i leilegheita som før og betalte husleige, vedlikehald og oppussingsutgifter. Ho døydde i januar 2007. A, som hadde budd hos mora frå årsskiftet 1999/2000 til han vinteren 2001 flytta til Z, hadde pantsett leilegheita for kr 783 000 då mora døydde. Etter at mora døydde, tok han opp ytterlegare pantelån på leilegheita, så då leilegheita blei seld våren 2007, var ho pantsett for kr 1 051 749. Salssummen var kr 1 570 000.

As to sysken, B og C, gjekk i februar 2007 til søksmål for å få overdraginga kjend ugyldig. Dei fekk medhald både i tingretten og i lagmannsretten. A anka til Høgsterett, men anken blei samrøystes forkasta.

Høgsterett la til grunn at formålet med overdraginga var å gjere B og C arvelause. Sidan overdraginga av Ds burettspart i mai 2000 ikkje var meint å ha verknad så lenge ho levde, og heller ikkje faktisk hadde fått slik verknad, måtte overdraginga kjennast ugyldig som dødsdisposisjon. Rett nok var givaren blitt utsett for risiko ved dei pantelåna mottakaren hadde teke opp. Dette kunne likevel ikkje vere avgjerande, då givaren ikkje hadde sett for seg at mottakaren skulle ta opp pantelån av det omfanget han gjorde.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen