Tilbakehaldsrett og varelagerpant

Høgsteretts dom 18.06.2008, HR-2008-01090-A, (sak nr. 2007/934), sivil sak, anke
Nordisk speditørforbunds alminnnelige bestemmelser - NSAB 2000 - § 14
Schenker AS (advokat Bjørnar Eilertsen) Logistikk- og transportindustriens landsforening (hjelpeintervenient) (advokat Runar Hansen) mot Nordea Bank Norge ASA (advokat Knut Erling Øen)

Dommarane: Utgård, Kaasen, Tønder, Stang Lund, Coward

Saka gjaldt spørsmålet om ein speditør kan gjere gjeldande tilbakehaldsrett i transportert gods føre ein bank sitt varelagerpant, til dekning av uteståande krav etter tidlegare transportar.

Nordby Gulv AS hadde varer under transport med Schenker AS (dåverande Linjegods AS) då Nordby Gulv gjekk konkurs. Schenker gjorde gjeldande tilbakehaldsrett i godset, ikkje berre for fordringar som gjaldt denne transporten, men også for tidlegare transportar. Dette skjedde med grunnlag i Nordisk speditørforbunds alminnelige bestemmelser – NSAB 2000 – § 14, som gir grunnlag for tilbakehaldsrett også for tidlegare krav. Det er såleis tale om ein kopla tilbakehaldsrett.

Nordea Bank Norge AS hadde eit eldre varelagerpant hos Nordby Gulv. Banken aksepterte å dekkje fraktkravet for godset som var under transport på konkurstidspunktet, men meinte at Schenker ikkje kunne nytte tilbakehaldsretten til å få dekt krav for dei avslutta transportane.

Høgsterett gav banken medhald. Ein dom frå Høgsterett i Rt. 1973 side 967 gir ein speditør rett til å nytte kopla tilbakehaldsrett etter NSAB § 14 i høve til transportkunden sitt konkursbu. Slik å godta tilbakehaldsrett for inkonnekse krav, er i strid med det som elles gjeld. Og ordninga i NSAB § 14 kan ikkje godstakast i høve til tredjepersonar generelt. Til støtte for dette vart det mellom anna vist til regelen i pantelova § 1-2 andre ledd.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen