Tolking av skatteavtale mellom Noreg og USA

Høgsteretts dom 24.04.2008, HR-2008-00727-A, (sak nr. 2007/1636), sivil sak, anke
Nils Arne Sølvik(advokat Per Christian Ask) mot Staten v/Skatt Øst(advokat Stig Tufte-Johnsen)

Dommarane Utgård, Kaasen, Stabel, Stang Lund, Schei

Saka gjaldt spørsmålet om ein person hadde skattemessig bustad i Noreg eller i USA ved opphald på to og eit halvt år i USA. Nils Arne Sølvik flytta til USA med sikte på å arbeide der i tre år. Arbeidsgivar i USA var eit dotterselskap av selskapet han hadde arbeidd i Noreg. Familien, kone og to små barn, flytta saman med han. Dei leigde ut huset i Noreg – først for to år og så ytterlegare for eitt – på avtale utan oppseiingsrett. Etter at Sølvik hadde fått arbeid i Noreg, i eit anna firma og på ein annan stad enn der han hadde arbeidd då han flytta, vart opphaldet i USA avslutta etter to og eit halvt år. Familien kjøpte seg nytt hus i Noreg på den nye arbeidsstaden. Det gamle huset vart selt etter at leigekontrakten gjekk ut.

Spørsmålet skulle avgjerast ut frå dobbeltskatteavtalen mellom dei to statane av 3. desember 1971, som i artikkel 3 (2) har utslagsreglar for det tilfelle at ein person er skattepliktig til begge statane etter internrettslege reglar i dei to landa.

I saka var det spørsmål om forståinga av artikkel 3 (2) første ledd bokstav a første punktum. Det er då avgjerande kvar skattytaren ”har sin faste bolig” eller – i den engelske teksten – ”maintains his permanent home”. Ved tolkinga vart det også lagt vekt på forståinga av OECD sin mønsteravtale der det blir brukt uttrykket ”has a permanent home available to him”.

Høgsterett viste til ordlyden i begge språkversjonane av dobbeltskatteavtalen og også til ordlyden i mønsteravtalen. Men i tillegg vart det vist til kommentarane som OECD har gitt til mønsteravtalen. Det vart også vist til forståinga i nokre andre land. Det var ut frå dette ikkje grunnlag for så store krav til å vere busett i tilflyttingslandet som det staten hadde lagt til grunn. Sølvik hadde tilstrekkeleg tilknyting. Sølvik hadde så avgrensa tilknyting til Noreg, og han hadde ikkje fysisk rådvelde over bustad her i den aktuelle tida, slik at han ikkje samstundes hadde bustad i Noreg.

Dobbeltskatteavtalen mellom USA og Noreg har dessutan ei særregulering av innhaldet i omgrepet ”fast bolig”, som i alle tilfelle måtte vere avgjerande.

Høgsterett uttala seg også om tolkingsprinsipp i høve til dobbeltskatteavtalen.

Les avgjørelsen i sin helhet 

Til toppen