Tvist om dekning under ansvarsforsikring for helsepersonell

Høgsteretts dom 17.04.2008, HR-2008-00692-A, (sak nr. 2007/1236), sivil sak, anke
Helsepersonelllova § 20
Olav Øyvind Pedersen(advokat Jan B. Jansen) mot Visse forsikringsgivere v/Lloyd's(advokat Espen Komnæs)

Dommarar: Flock, Skoghøy, Matningsdal, Indreberg, Gussgard

Spesialist på augesjukdommar dr.med. Olav Øyvind Pedersen driv ein privat praksis, Drammen Øyekirurgiske Klinikk AS. Aksjane er åtte av eit holdingselskap der Pedersen sjølv eig alle aksjane. Over ein periode på vel eit år utførte klinikken v/Pedersen i alt 136 augeoperasjonar på grå stær-pasientar der augelinsene blei bytte ut med kunstige linser i plastmateriale. Det viste seg at dei nye linsene etter kvart blei ugjennomsiktige på grunn av ein feil ved materialet. Klinikken utførte derfor ei rekkje nye operasjonar der linsene blei fjerna og erstatta med nye. Omkostnadene ved dette ble kalkulert til ca. 900 000 kroner.

Pedersen hadde gjennom legeforeininga ei forsikring i Lloyd’s som dekte den forsikringsplikta som følgjer av helsepersonellova § 20. Klinikken og seinare også Pedersen gjekk til søksmål mot Lloyd’s og kravde å få dekt omkostnadene ved reoperasjonane. Både i tingretten og i lagmannsretten blei Lloyd’s frifunne for kravet frå klinikken. Pedersen vann i hovudsak fram med sitt krav i tingretten, men lagmannsretten frifann Lloyd’s også for dette kravet. Saka for Høgsterett gjaldt berre kravet frå Pedersen.

Høgsterettsfleirtalet fann at forsikringa berre gjaldt det rettslege erstatningsansvaret som legen personleg kunne dra på seg i samband med utføringa av legeverksemda. I dette tilfellet hadde pasienten eit krav mot klinikken, som også var den parten som hadde hatt utgiftene ved reoperasjonane. Pedersen hadde ikkje vist uaktsemd, og noko anna grunnlag for eit personleg ansvar for han var det ikkje.

Mindretalet (Skoghøy og Matingsdal) fann at forsikringsplikta etter helsepersonellova § 20 omfatta det ansvaret verksemda – og ikkje berre legen personleg – hadde for skadar som pasientane blei påførte, og at denne plikta også omfatta erstatning på grunn av feil ved linsene. Det blei uttalt at sjølv om det ikkje skulle vere eit vanleg kontrollansvar ved levering av slike kunstige organ, måtte det gjelde eit objektivt ansvar for teknisk svikt, som i eit slikt tilfelle også måtte dekkje tap som følgje av personskade. Det å skaffe nye linser hadde karakter av omleveringskostnader som ikkje kunne krevjast under ansvarsforsikringa. Men arbeidet med å skifte ut linsene måtte reknast som ei følgjeskade, og det fall dermed inn under forsikringa

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen