Avvising av søksmål om erstatning for tapte trygdeytingar

Høgsteretts orskurd 08.10.2008, HR-2008-01731-A, (sak nr. 2008/308), sivil sak, kjæremål
A (advokat Thomas Ronander) mot staten v/Arbeids- og inkluderingsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Atle J. Skaldebø)

Dommarane: Bårdsen, Utgård, Oftedal Broch, Matningsdal, Gussgard

Kjæremål overført til avdeling. Saka gjaldt avvising av søksmål om erstatning for tapte trygdeytingar, under dette verknaden av at lagmannsretten i så fall har avvist delar av saka med urette.

Saksøkjaren meinte å ha krav mot staten basert på arbeidsgivaransvaret etter skadeserstatningslova § 2-1. Grunnlaget var mangelfull oppfølging og feil informasjon frå trygdemyndigheita si side. Lagmannsretten hadde avvist kravet som gjaldt tapspostar i perioden frå 1985 til 1996, og viste til at medhald i erstatningskravet for desse åra i røynda føresette ei anna vurdering av uføretidspunktet enn den som var fastsett av Trygderetten 1. januar 1997. Ei slik overprøving kunne etter lagmannsrettens syn berre skje etter dei særskilde reglane om rettsleg prøving av Trygderettens vedtak etter trygderettslova § 23. Ordinært søksmål ved tingretten måtte då avvisast.

Høgsterett oppheva avgjerda i lagmannsretten på grunn av feil lovtolking. Det blei uttalt at det særskilde prosessregimet for rettsleg prøving av Trygderettens vedtak ikkje skal brukast der hovuddelen av ansvarsgrunnlaget ligg utanfor Trygderettens vedtak. Dette gjeld sjølv om vedtaket er ein del av årsaksrekkja for tapet som saksøkjaren meiner å ha lidd, og sjølv om retten som ledd i vurderinga av om vilkåra for erstatning er til stades, må ta stilling til kva for trygdeytingar parten ville hatt krav på dersom ein ser bort frå dei ansvarsutløysande forholda.

Det var frå statens side gjort gjeldande at kjæremålet i alle høve måtte forkastast, ettersom kravet om erstatning likevel ikkje ville ha ført fram for lagmannsretten. Det var etter Høgsteretts syn ikkje rom for ei slik realitetsvurdering i samband med kjæremål over innhaldet i ei avvisingsavgjerd. På dette punktet var det særmerknader frå éin dommar.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen