Tildømming av oppreising i straffesak etter frifinning for straffekravet

Høgsteretts dom 08.10.2008, HR-2008-01736-A, (sak nr. 2008/776), sivil sak, anke over dom
EMK artikkel 6 nr.2
A (advokat Karle A. Øvereng) mot B, C og D (advokat Siv-Kristin Hansen)

Dommarane: Stabel, Oftedal Broch, Matningsdal, Indreberg, Gussgard

Spørsmål om domspremissane tilfredsstiller uskuldspresumsjonen i EMK artikkel 6 nr. 2

A blei i tingretten dømd for ulike seksuelle overgrep mot tre mindreårige stedøtrer. Han blei samtidig dømd til å betale oppreising. I lagmannsretten, som blei sett med lagrette, blei han frifunnen for straffekravet, men framleis dømd til å betale oppreising.

Høgsterett kom til at grunngivinga i lagmannsretten var i strid med uskuldspresumsjonen.

Lagmannsretten hadde korrekt gjort greie for forskjellen i beviskrav i ei straffesak og ei erstatningssak, og drøftinga var ikkje knytt opp mot systematikken i tiltalevedtaket eller spørsmåla til lagretten. Sjølv om det var brukt uttrykk som ”overgrep” og ”forgreip seg”, kunne det heller ikkje seiast at drøftinga gav unødige assosiasjonar til det strafferettslege skuldkravet.

I eit avsluttande avsnitt om bevisvurderinga sa likevel lagmannsretten at retten hadde lagt forklaringane frå dei krenkte til grunn – og – litt seinare – at retten etter bevisførselen ikkje fann konkrete haldepunkt for at forklaringane var fabrikkerte, eller at dei fornærma skulle ha noko motiv for å forklare seg usant. På bakgrunn av at desse forklaringane var eit sentralt og omstridd bevis i saka, kunne dette etterlate eit inntrykk av at lagmannsretten meinte det ikkje låg føre rimeleg tvil om det strafferettslege skuldspørsmålet. Det var dermed skapt tvil om frifinninga var riktig, og følgjeleg låg det føre brot på uskuldspresumsjonen. Høgsterett gav uttrykk for dette brotet i domspremissane sine, utan at han fann det nødvendig å oppheve dommen i lagmannsretten.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen