Aktsemdsnorma ved frifinning på grunn av medvitsløyse som følgje av rus

Høgsteretts dom 23.10.2008, HR-2008-01842-A, (sak nr. 2008/1101), straffesak, anke over dom
Straffelova § 45
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Runar Torgersen) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)

Dommarane: Stabel, Oftedal Broch, Matningsdal, Indreberg, Gussgard

Aktsemdsnorma ved frifinning på grunn av medvitsløyse som følgje av rus, jf. straffelova § 45 – spørsmålet er om rusen var sjølvvalda når tiltalte, etter frivillig å ha drukke ikkje så reint lite vin, uforvarande kom til å drikke vodkablanda drinkar i den tru at det var sitronbrus.

A var tiltalt for truslar og vald mot politiet, utført mens ho i sterkt rusa tilstand blei pågripen under eit besøk hos ei venninne for så å bli køyrd til legevakta og seinare til sjukehus. Ho og venninna hadde tømt ein treliterskartong med vin og deretter ei halvflaske vodka. Promillen blei på legevakta målt til 4,1 og på sjukehuset til 3,13. I lagmannsretten, som i tingretten, blei ho frikjend. Lagmannsretten kom til at det var vodkaen, ikkje kombinasjonen av vin og vodka, som utløyste medvitstapet.

Høgsterettsfleirtalet kom til at domsgrunnane i lagmannsretten ikkje var tilstrekkelege til å prøve om retten med dette hadde brukt for mild aktsemdsnorm. Det var uomstridt at vininntaket var frivillig, og at det ikkje var lite. Aktsemda ved vodkainntaket skulle, sjølv om det ikkje var frivillig, ha vore vurdert, spesielt med sikte på at A på dette tidspunktet hadde nedsett dømmekraft på grunn av det føregåande vininntaket.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen