Fartslovbrot og lengda av tap av førarkort

Høgsteretts dom 16.04.2008, HR-2008-00680-A, (sak nr. 2008/280), straffesak, anke
Straffelova § 294
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Saka gjeld blant anna bruken av straffelova § 294 og lengda av tap av førerett.

A blei i tingretten og lagmannsretten dømd til ei straff av fengsel i 21 dagar og tap av førerett i ein periode på 20 månader for å ha køyrt motorsykkel med ein fart på 153 km/t på ei strekning der den høgaste lovlege farten var 80 km/t.

I anken til Høgsterett hevda A prinsipalt at lagmannsretten burde gjort ei nærmare analyse av eit videoopptak som blei teke i samband med den aktuelle fartsmålinga, med sikte på å få sikrare identifikasjon av kva for motorsykkel målinga gjaldt. Lagmannsretten hadde ikkje nytta videoopptaket som bevis i dette spørsmålet. Dei bevisa som det blei lagt vekt på her, var blant anna dei rettslege forklaringane til den domfelte sjølv og forklaringa frå ein politibetjent. Slik saka låg an og på bakgrunn av bevissituasjonen slik han så ut for lagmannsretten, meinte Høgsterett at det ikkje var i strid med straffeprosesslova § 294 at lagmannsretten ikkje hadde sytt for ei nærmare undersøking av videoopptaket.

Det blei vidare hevda at det var ein feil at lagmannsretten ikkje hadde brukt den skjerpa bevisbyrderegelen som er utvikla i rettspraksis ved svikt i samband med fartsmåling med laser, loggføring og liknande. Høgsterett kunne likevel ikkje sjå at den praksisen som her var utvikla, og dei omsyna som ligg til grunn for denne, tilsa at det skjerpa beviskravet også gjaldt i dette tilfellet. Det var semje om at det ikkje låg føre nokon teknisk eller manuell feil ved fartsmålinga eller registreringa av denne. Når problemstillinga var om det hadde skjedd ei forveksling av kva for motorsykkel farten blei målt på, gjaldt etter Høyesteretts syn den vanlege strafferettslege bevisbyrderegelen.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen