Psykologs høve til å forklare seg og føring av journalnotat som bevis

Høgsteretts orskrud 16.04.2008, HR-2008-00679-A, (sak nr. 2008/253), straffesak, anke
Straffeprosesslova § 119
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kjetil Omholt)

Spørsmål om ein psykologs høve til å forklare seg og føring av journalnotat som bevis. Var det feil av lagmannsretten å tillate slik vitneforklaring og framlegging av journalnotat etter at domfelte hadde trekt samtykket tilbake, jf. straffeprosesslova § 119.

A var pågripen fleire gonger etter episodar med konflikt med politiet, som han meinte seg sterkt trakassert av. I samband med dette blei han vist til psykolog. I samtale med psykologen uttalte han blant anna at han kom til å ta livet av ein politimann, eller helst justisministeren. Psykologen gjekk til politiet med opplysningane og overleverte journalnotatet frå samtalen. A blei tiltalt for truslar. A samtykte i at psykologen forklarte seg for tingretten, og notatet blei lagt fram der. Han blei dømd og anka til lagmannsretten, men der trekte han samtykket tilbake. Lagmannsretten vedtok likevel å høyre forklaringa og å tillate framlegging av notatet, og A blei domfelt på ny.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen