Spørsmål om ein psykose ved sjølvvalda rus skal reknast som ein straffriande psykose

Høgsteretts dom 17.04.2008, HR-2008-00694-A, (sak nr. 2008/262), straffesak, anke over dom.
Straffeloven § 233.
Den offentlege påtalemakta(ass. riksadvokat Knut Kallerud) mot A(advokat John Christian Elden)

Dommarar: Indreberg, Skoghøy, Oftedal Broch, Flock, Gussgard

Saka gjaldt spørsmålet om ein person som har ein rusutløyst psykose på gjerningstidspunktet, er strafferettsleg tilrekneleg.

A drap i mai 2006 leigebuaren sin, B, ved å slå han fleire gonger i hovudet med ei øks. På bakgrunn av ei erklæring frå dei sakkyndige la tingretten til grunn at A på dette tidspunktet medisinsk sett var psykotisk, men at tilstanden var utløyst av amfetaminrus, og at han derfor ikkje var å rekne som rettspsykiatrisk psykotisk. A blei dømd til fengsel i 10 år. Han anka til lagmannsretten, som frifann A, men dømde han til overføring til tvangspålagt psykisk helsevern. Spørsmålet for Høgsterett var om rettsutgreiinga for lagretten var uriktig.

Høgsterett kom til at straffelova §§ 44 og 45 må forståast slik at ein psykose som er framkalla ved sjølvvalda rus, og som vil forsvinne etter at den toksiske verknaden er over, ikkje skal reknast som ein straffriande psykose, jf. straffelova §§ 44 og 45.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen