Spørsmål om samfunnsstraff etter trygdebedrageri

Høgsteretts dom 23.10.2008, (HR-2008-01116), straffesak, anke over dom
Straffelova § 270 og straffelova § 28 a
A (advokat Kjetil Krokeide) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Egil Volledal)

Dommarane: Matningsdal, Indreberg, Stabel, Oftedal Broch, Gussgard

A er funnen skuldig i trygdebedrageri for totalt kr 64 289 i perioden 14. mars til 4. desember 2005. I lagmannsretten blei ho under tilvising til Rt. 2006 side 1454, der Høgsterett stilte opp ei rettleiande grense på kr 60 000 for valet mellom samfunnsstraff og fengsel utan vilkår, dømd til fengsel utan vilkår i 15 dagar. Ho anka til Høgsterett og hevda at riktig reaksjon ville vere samfunnsstraff.

Overfor Høgsterett hevda forsvararen at grensa mellom samfunnsstraff og fengsel utan vilkår burde ta utgangspunkt i det gjeldande grunnbeløpet tillagt 20 %. Høgsterett kom til at grunnbeløpet på gjerningstida skal danne utgangspunktet for valet mellom samfunnsstraff og fengsel utan vilkår, men avviste at grensa skal vere 20 % høgare. Samtidig blei det understreka at grensa ikkje er absolutt, men kan fråvikast både i mildare og i strengare retning. Men, som framheva i Rt. 2006 side 1454 avsnitt 11, det må liggje føre eit relativt klart avvik frå normaltilfella før dette blir gjort.

I denne saka oversteig bedrageriet grunnbeløpet på gjerningstida med ca. kr 3 600. Etter Høgsteretts vurdering låg det ikkje føre formildande omstende i saka som tilsa at det kunne nyttast samfunnsstraff. Anken blei etter dette forkasta.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen