Spørsmålet om avgjerd om subsidiær fengselsstraff skal fullførast, gir høve til å redusere den tidlegare fastsette straffa

Høgsteretts dom 11.06.2008, HR-2008-01042-A, (sak nr. 2008/615), straffesak, anke
Straffelova § 28 b
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Stein Vale) mot A (advoakt Gunnar K. Hagen)

Dommarane: Endresen, Skoghøy, Gussgard, Coward, Gjølstad

Lagmannsretten hadde sagt dom for at ei resttid på 63 dagar skulle sonast fullt ut med 30 dagar fengsel. I Høgsteretts dom blei det, i tråd med tidlegare avgjerder, konstatert at det ikkje var høve til dette. Det er høve til å fastsetje at berre delar av den subsidiære fengselsstraffa skal sonast, men dette føreset då at den resterande delen av samfunnsstraffa står ved lag.

Spørsmålet om den subsidiære fengselsstraffa skulle sonast eller ikkje, var dermed avgjort av lagmannsretten på eit uriktig grunnlag. Saka var dessutan ikkje slik opplyst at det var lagt til rette for at Høgsterett skulle treffe realitetsavgjerd, og dommen i lagmannsretten blei oppheva.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen