Straffutmåling ved forsikringsbedrageri

Høgsteretts dom 19.09.2008, HR-2008-01609-A, (sak nr. 2008/681), straffesak, anke over dom
Straffelova § 272
A (advokat Bjørn Stordrange) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Pål S. Berg)

Dommarane: Matningsdal, Bårdsen, Utgård, Oftedal Broch, Gussgard

Straffutmåling ved forsikringsbedrageri – straffelova § 272. Kva innverknad det har at det tok lang tid å få ei endeleg avgjerd i saka.

A er i lagmannsretten funnen skuldig i forsikringsbedrageri. Bakgrunnen for saka er at han hadde eigarinteresser i eit selskap der han var dagleg leiar og styremedlem, og dette selskapet åtte ein 100 år gammal bygning ved sjøen i X. Domfellinga byggjer på at han fekk ein kjenning til å få to ukjende personar til å tenne på bygningen, som blei totalskadd ved brannen. Forsikringsselskapet har betalt ut i alt kr 8 628 024 etter brannen.

Høgsterett var samd med lagmannsretten i at straffenivået kunne setjast til fengsel i to år og tre månader. Hovudspørsmålet var kor stor del av straffa som skulle vere på vilkår, ettersom saka var i overkant av 6 ½ år gammal då Høgsterett gav dom. Høgsterett kom til at eitt år og tre månader av straffa kunne vere vilkårsdom.

Det blei for det første vist til at etterforskingsaktiviteten hadde vore svært liten dei to første åra etter brannen. Vidare blei det peikt på at det tok nærmare 1 ½ år frå tingrettens til lagmannsrettens dom, utan at A kunne lastast for det. For det tredje blei det vist til at det tok nærmare ni månader frå støtteskrivet frå forsvararen låg føre, til ankeutvalet viste anken over straffutmålinga til behandling i Høgsterett. Årsaka til dette var dels at det gjekk lang tid før statsadvokatembetet sende over saka, og dels at forsvararen til den domfelte ikkje fekk oversendt påskrifta frå statsadvokaten før kjæremålsutvalet i første omgang nekta anken fremma. Etter at forsvararen hadde fått uttale seg, blei det gitt løyve til å fremme anken over straffutmålinga. Høgsterett tok ikkje stilling til om det låg føre brot på kravet om avgjerd innan ”rimeleg tid” i EMK artikkel 6 nr. 1, ettersom retten meinte at dette ikkje hadde innverknad på kor stor del av straffa som skulle vere på vilkår.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen