Tap av retten til å drive persontransport mot vederlag på grunn av straffbart forhold

Høgsteretts dom 26.11.2008, HR-2008-02047-A, (sak nr. 2008/1535), straffesak, anke over dom

Yrkestransportlova § 37f andre ledd

A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)

Dommarane: Coward, Oftedal Broch, Inderberg, Stabel, Gjølstad

Politiet skreiv ut førelegg mot A for brot på straffelova § 200 første ledd – å ha utført ei seksuell handling med nokon som ikkje hadde gitt samtykke til det. Det gjekk fram av førelegget at han som drosjesjåfør i teneste hadde tvinga til seg eit kyss frå ein kvinneleg passasjer som han hadde køyrt heim og skulle hjelpe inn i bustaden fordi ho hadde problem med å gå. A vedtok ikkje førelegget, og saka blei send til tingretten, der han blei frifunnen. Etter anke frå påtalemakta kjende lagmannsretten han skuldig. Den krenkte, som lagmannsretten karakteriserte som svært truverdig, framstilte handlinga ikkje som eit kyss, men som ei inntrenging i munnen, og forklarte at ho var blitt svært redd. Lagmannsretten sette reaksjonen til ei bot på 6 000 kroner og tap av retten til å drive persontransport mot vederlag (tap av køyresetelen) i eitt år.

A anke til Høgsterett førte ikkje fram. Lovbrotet i saka – eit seksuelt overgrep av ein drosjesjåfør overfor ei kvinne som var avhengig av hjelp for å komme seg frå drosja og inn i bustaden sin – låg i kjerneområdet for bruk av reaksjonen tap av køyresetel. Ved fastsetjing av lengda på tapsperioden måtte det samtidig få klar innverknad at politiet ikkje hadde beslaglagt køyresetelen, slik yrkestransportlova § 37e gir heimel for. A hadde no hatt køyresetelen i halvtanna år etter den straffbare handlinga, og han hadde køyrt drosje i denne tida utan at det var opplyst om nokon merknader.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen