Trygdebedrageri

Høgsteretts dom 23.10.2008, HR-2008-01841-A, (sak nr. 2008/1096), straffesak, anke over dom
Straffelova § 270 første ledd nr. 1
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Egil Volledal) mot A (advokat Kjetil Krokeide)

Dommarane: Indreberg, Stabel, Oftedal Broch, Matningsdal, Gussgard

A hadde fått utbetalt 86 618 kroner for mykje i attføringspengar og blei av tingretten funnen skuldig i brot på straffelova § 270 første ledd nr. 1. Ho blei dømd til samfunnsstraff i 30 timar, subsidiært fengsel i 24 dagar og gjennomføringstid 90 dagar. Påtalemakta anka over straffutmålinga, men lagmannsretten forkasta anken. Påtalemakta anka så til Høgsterett. Forsvararen reiste for Høgsterett spørsmålet om tingrettens domsgrunnar er tilstrekkelege når det gjeld kravet til vinningsformål i § 270.

Høyesterett oppheva både avgjerda i lagmannsretten og tingrettens dom med hovudforhandling. Etter As vedkjenning var det ikkje tvilsamt at § 270 var broten, men domsgrunnane i tingretten etterlét tvil om det låg føre vinningsformål for heile summen. Avgjerda i lagmannsretten fjerna ikkje tvilen. Sidan storleiken på summen står heilt sentralt ved straffutmålinga for brot på § 270, kunne ikkje Høgsterett ta stilling til anken over straffutmålinga. 

Les avgjørelsen i sin helhet 

Til toppen