Ugildskap

Høgsteretts vedtak 24.04.2008, HR-2008-00738-A, (sak nr. 2008/246), straffesak, anke
A (advokat Trygve Staff) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Svein Holden)

Dommarane: Utgård, Kaasen, Stabel, Flock, Lund

Spørsmålet var om dommar Matningsdal var inhabil grunna utsegner han har kome med i boka Siktedes rett til å eksaminere vitner, som kom i 2007.

Saka for Høgsterett gjeld straffesak mot A, som er gjenoppteken etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen kom til at det ved tidlegare behandling var gjort ein feil i samband med opplesing av politiforklaring frå ein medtiltalt.

Høgsterett kom til at dommar Matningsdal ikkje skal vike sete. Det var vist til Rt. 2003 side 1094 med vidare tilvisingar.

Straffeprosesslova § 122 gir mellom andre sambuarar rett til å nekte å gi politiforklaring. Saka gjeld no om det kan tillatast opplesing når eit vitne ikkje har vorte informert om retten til å nekte å forklare seg etter straffeprosesslova § 122, i ein situasjon der vitnet som sikta var gjort kjend med retten til å nekte å forklare seg. Høgsterett viste til at dommar Matningsdal i boka har uttala seg om ein situasjon som er svært lik den ankegrunnen som blir gjort gjeldande. Dette var likevel gjort på reint generelt grunnlag, og det er ikkje noko anna enn det Høgsterett tok stilling til i 2003-avgjerda.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen