Oppheving av forenkla førelegg for fartslovbrot

Høgsteretts orskurd 09.04.2008, HR-2008-00640-A, (sak nr. 2007/1680) straffesak, anke
Straffeprosesslova § 259 andre ledd nr. 3 og Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 1
A (advokat Even Sveen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Arne Ingvald Dymbe)

Den tyske statsborgaren A underteikna i august 2006 forenkla førelegg med ei bot på 6 500 kroner, subsidiært 15 dagar fengsel, for å ha køyrt personbil i 110 km/t i 80 km/t-sone på veg heim til Tyskland. I januar 2007 anka A vedtakinga av førelegget til Eidsivating lagmannsrett etter straffeprosesslova § 259 andre ledd nr. 3. Lagmannsretten forkasta anken i oktober 2007.

I Høgsterett blei saka handsama saman med straffesak 2007/1680 B. I den saka oppheva Høgsterett vedtakinga av forenkla førelegg i sak om fartslovbrot i 80 km/t-sona. Etter gjennomgåing av reglane om forenkla førelegg, rettsverknadene av ei vedtaking og EMK artikkel 6 nr. 1 konkluderte førstvoterande med at ei bindande vedtaking berre kunne skje når sikta var klar over at det inneber å gi avkall på retten til domstolshandsaming.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen