Straffutmåling for valdtekt til samleie

Høgsteretts dom 18.06.2008, HR-2008-01085-A, (sak nr. 2008/687), straffesak, anke
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ingrid Johansen)

Dommarane: Endresen, Stabel, Flock, Skoghøy, Gussgard

Den domfelte var ein 30 år gammal elektromontør som arbeidde for eit utanlandsk tivoli i Noreg. Det oppstod ei viss kontakt mellom han og ei 16 år gammal jente. Etter å ha vore på ein privat fest der ho hadde drukke ein del alkohol, gjekk ho tilbake til tivoliet for å sjå etter domfelte. Då ho etter ei tid trefte han, spurde ho om han hadde sett veska hennar. Han svarte at dei kunne sjå etter veska på hans rom i buvogna. Dei gjekk dit. Lugaren var 1,6 x 2 m, og det var to køyesenger der, men ingen stol.

Om det som skjedde etter at dei hadde komme inn på rommet, la lagmannsretten til grunn:

”Hun ble brutalt dyttet/skubbet ned i sengen, holdt fast og kledd naken med makt. Hun gjorde den motstand som hun kunne, men befant seg i sjokk og ble fryktelig redd…Tiltalte la seg over henne og tiltvang seg deretter vaginalt samleie med henne med makt.”

Det blei ikkje nytta kondom, og det blei ved straffutmålinga lagt vekt på at ho hadde blitt utsett for risiko for graviditet og kjønnssjukdom. Den krenkte hadde etter overgrepet slite med tunge etterverknader av psykisk art. Retten fann ikkje at det låg føre formildande omstende. At den krenkte hadde vist domfelte ei viss merksemd, kunne ikkje ha innverknad.

Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i 2 år og 8 månader. Straffa blei ikkje endra.

Les avgjørelsen i sin helhet 

Til toppen