Utmåling av straff for gjenteken seksuell omgang med barn

Høgsteretts dom 23.10.2008, HR-2008-01839-A, (sak nr. 2008/1078), straffesak, anke over dom
A (advokat Ivar Hustad) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Morten Schjetne), B v/verge C og D (bistandsadvokat Gunnar K. Hagen)

Dommarane: Stabel, Oftedal Broch, Mataningsdal, Indreberg, Gussgard

A hadde ved to høve i desember 2006 hatt seksuell omgang med ei jente på sju år ved å føre ein finger inn i skjeden hennar, og, ved det eine høvet, også å slikke kjønnsorgana hennar. I tingretten og lagmannsretten blei han dømd til fengsel i eitt år og ni månader. Han blei også dømd til å betale oppreisingserstatning med 75 000 kroner.

Høgsterett kom til same resultat. Det dreidde seg om fysiske integritetskrenkingar som var grove brot på tillitsforholdet. A hadde mange år tidlegare vore sambuar med mor til jenta, og var etter samlivsbrot mellom henne og faren igjen blitt omgangsvenn med henne. Overgrepa skjedde i heimen, i det eine tilfellet mens han var barnevakt, i det andre under eit overnattingsbesøk. Alvoret i saka tilsa at heller ikkje oppreisingserstatninga burde setjast ned.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen