Utmåling av straff for seksuell omgang med barn under 14 år

Høgsteretts dom 18.06.2008, HR-2008-01086-A, (sak nr. 2008/570), straffesak, anke
Straffelova § 195
A (advokat Harald Stabell) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Lars Erik Alfheim)

Dommarane: Skoghøy, Endresen, Stabel, Flock, Gussgard

Saka gjaldt utmåling av straff for seksuell omgang med barn under 14 år, jf. straffelova § 195. Den domfelte var politibetjent, og det var blant anna spørsmål om han skulle dømmast til å miste stillinga, jf. straffelova § 29.

Tiltalte er fødd i 1952, og den handlinga han var dømd for, blei utført i februar 1999. Den krenkte var då 11 år og 10 månader. Under ein fest hos familien til den krenkte i februar 1999 hadde tiltalte gått inn på soverommet til den krenkte etter at ho hadde lagt seg, og stukke ein eller to fingrar inn i skjeden hennar og rørt fingrane fram og tilbake nokre gonger. Deretter forlét han henne, men etter det fleirtalet i lagmannsretten la til grunn, hadde han komme tilbake to til tre gonger og utførte den same handlinga.

Foreldra til den krenkte blei kjende med forholdet i 2001. Etter at familien hadde hatt eit møte, hadde foreldra til den krenkte komme fram til at den domfelte skulle få valet mellom anten å flytte frå staden eller å bli politimeld. Tiltalte valde å flytte. I desember 2006 blei saka likevel meld til politiet.

Både i tingretten og i lagmannsretten blei tiltalte dømd til åtte månader fengsel utan vilkår. I tillegg blei han dømd til å miste stillinga som politimann og fråteken retten for all framtid å ha kva som helst stilling i politiet.

Høgsterett kom til at tiltalte ikkje burde dømmast til å miste stillinga. Det blei blant anna lagt vekt på at den stillinga han hadde, var ei administrativ stilling utan publikumskontakt, og at ei frådømming av stillinga ville ramme han særleg hardt, sidan han på grunn av ei høyrselsskade var 40 % medisinsk invalid. I tillegg blei det lagt vekt på at det var over ni år sidan handlinga var utført, og at foreldra til den krenkte blei kjende med forholdet i 2001, men likevel hadde valt ikkje å politimelde det.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen