Ekspropriasjon av Hakloa Vestre

Høgsteretts dom 18.09.2009, HR-2009-01825-A, (sak nr. 2009/212), sivil sak, anke over dom

Løvenskiold-Vækerø Carl Otto Løvenskiold (advokat Bjørn Stordrange) mot staten v/Landbruks- og matdepartementet (advokat Steinar Mageli)

Jordlova § 14

Dommarane: Webster, Matningsdal, Gussgard, Tjomsland, Schei

Gyldigheita av kongeleg resolusjon om ekspropriasjon av Hakloa Vestre etter jordlova § 14. Føresegna heimlar ekspropriasjon av husmannsplassar. Plassen hadde vore i familien Ødegård i tre generasjonar, og det var ikkje tvist om at vilkåra i § 14 var oppfylte. Løvenskiold gjorde likevel gjeldande at interesseavveginga etter oreigningslova § 2 andre ledd, der det krevst at ”inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade”, medfører eit krav om kvalifisert interesseovervekt i favør av inngrepet.

Løvenskiold nådde ikkje fram. Høgsterett fann at uttrykket ”tvillaust” innebar eit beviskrav, ikkje eit krav til kvalifisert interesseovervekt.

Vidare var det gjort gjeldande sakshandsamingsfeil i form av mangelfull grunngiving. Heller ikkje denne synsmåten nådde fram.

Til sist blei det gjort gjeldande at eit tidlegare ekspropriasjonsvedtak – som gjekk i Løvenskiolds favør – stengde for omgjering til ugunst for Løvenskiold. Høgsterett kom til at vedtaket var ugyldig, og at det var høve til omgjering etter forvaltingslova § 35 første ledd bokstav c.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen