Krav om frådrag for tap som følge av svindel

Høgsteretts dom 20.11.2009, HR-2009-02190-A, (sak nr. 2009/657), sivil sak, anke over dom

Skattelova § 6-1

Svein Tore Samdal (advokat Tone Lillestøl) mot Staten v/Skatt Midt-Norge (Regjeringsadvokaten v/advokat Anne Chatrine Haug)

 

 

Dommarane: Utgård, Øie, Webster, Bårdsen, Tjomsland

Saka gjaldt spørsmål om rett til frådrag etter skattelova § 6-1 for tap som oppsto ved at investering utanfor næring gjekk tapt grunna svindel.

Svein Tore Samdal gjorde i november 2003 avtale med eit spansk selskap om å kjøpe to leilegheiter i eit framtidig leilegheitsprosjekt i Spania, med sikte på å selje rettane etter avtalen vidare. Utbygging skjedde ikkje. Grunna svindel i det spanske selskapet gjekk heile investeringa tapt.

Høgsterett avviste at tapet skulle rubriserast som tap på fordring. Det vart vist til Rt. 2007 side 1822 (DSC) avsnitt 42.

Spørsmålet om skattelova § 6-1 gjeld for tap utanfor næring, var ikkje omtvista i saka no. Høgsterett la til grunn at det var tilstrekkeleg tilknyting mellom kostnaden – investeringa – og eventuelle inntekter. At det viste seg å vere tale om eit svindelføretak, kunne ikkje endre dette. Høgsterett drøfta dette med utgangspunkt i Rt. 1981 side 256 (Bjerke Pedersen) og Rt. 2007 side 1822 (DSC). Det vart uttala at det er det som er sagt i Bjerke Pedersendommen som må gjelde i desse sakene. Berre i reine unntakstilfelle kan det då kome på tale å nekte frådrag fordi ei utgift objektivt sett ikkje var føremålstenleg. Og skattestyresmaktene kan ikkje sensurere forretningsskjønnet. Investeringa hadde ikkje skjedd i ein så spesiell situasjon at unntaket kunne gjelde.

Likninga vart etter dette oppheva. Ved ny likning må det leggjast til grunn at Samdal har frådragsrett.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen