Krav om naturalutlegg i fast eigedom

Høgsteretts dom 26.11.2009, HR-2009-02232-A, (sak nr. 2009/716), sivil sak, anke over dom

Skiftelova § 61

Anders Magne Melingen mfl. (advokat Anne-Sofie Lutro) mot Edvard Melingen (advokat Stig J. Harris)

Dommarane: Øie, Stabel, Matheson, Inderberg, Schei

I offentleg skifte av dødsbuet etter Aslaug Målfrid og Mons E. Melingen sette Edvard Melingen fram krav om å få gnr. 36, bnr. 3 utlagd til seg som den med best odelsrett. Ved skiftetakst og skifteovertakst kom Nordhordland tingrett til at eigedommen ikkje var odelsjord. Edvard Melingen reiste deretter skiftetvist for Nordhordland tingrett med krav om å få eigedommen lagd ut til seg på skifte, prinsipalt etter skiftelova § 62 om eigedom som er odelsjord, subsidiært etter § 61 andre ledd andre punktum.

Tingretten frifann dei saksøkte, medan lagmannsretten kom til at Edvard Melingen hadde krav på naturalutlegg etter skiftelova § 61 andre ledd andre punktum. Anken til lagmannsretten gjaldt ikkje kravet om utlegg etter § 62. Høgsterett kom under dissens tre to til at Edvard Melingen ikkje hadde krav på naturalutlegg etter § 61 andre ledd andre punktum.

Høgsterett streka under at føresegna i skiftelova § 61 andre ledd andre punktum er ei unntaksføresegn som skal brukast med varsemd. Lova opnar ikkje for ei rimelegvurdering av kven som skal få naturalutlegg, eller ei alminneleg avveging av interesser – den som krev naturalutlegg, må godtgjere vesentleg meir enn interesseovervekt for å vinne fram. Og jo sterkare grunnar dei andre loddeigarane har for å setje seg mot naturalutlegg, desto betre grunngitt må kravet om naturalutlegg vere.

I den aktuelle saka var det tale om eit lite småbruk, som tidlegare var odelseigedom, men som på grunn av utviklinga ikkje lenger var det. Høgsterett uttalte seg mellom anna om kva vekt ein i dag kan leggje på det å vente seg odelsrett når det ikkje lenger er odelsrett knytt til eigedommen.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen