Krav om yrkesskadeforsikring

Høgsteretts dom 30.06.2009, HR-2009-01376-A, (sak nr. 2009/267), sivil sak, anke over dom

A (advokat Espen simonsen) mot Landbruksforsikring AS (advokat Mona Stieng Gaustad)

 

Dommarane: Lund, Coward, Bruzelius, Øie, Endresen

Saka gjeld krav om yrkesskadeforsikring og reiser spørsmål om tolkinga av yrkesskadeforsikringslova § 11 første ledd bokstav c og om bevisbyrde.

A jobba med pølseproduksjon. I samband med at ho skulle hjelpe ein kollega med å få ein stette med pølsefarse inn på ein heisgaffel, fekk ho store smerter i nedre del av ryggen. Det er omtvista om A sklei då ho skauv stetten. Ved undersøking på Universitetssjukehuset Nord-Noreg blei det ikkje påvist skadar i ryggen. Likevel hadde A framleis vondt i ryggen.

A tok ut stemning mot Landbruksforsikring AS ved Senja tingrett med krav om yrkesskadeerstatning etter yrkesskadeforsikringslova § 11. Senja tingrett tilkjende henne erstatning for påførte utgifter og lidd inntektstap. Lagmannsretten frifann forsikringsselskapet under dissens.

Høgsterett oppheva dommen i lagmannsretten på grunn av to lovtolkingsfeil. For det første var yrkesskadeforsikringslova § 11 første ledd bokstav c tolka feil, jf. avgjerda i Rt. 2008 side 1646, som blei gitt tre dagar etter dommen i lagmannsretten.

For det andre hadde fleirtalet i lagmannsretten vurdert spørsmålet om bevisbyrda ligg på forsikringsselskapet, for snevert. Fleirtalet hadde berre lagt vekt på kva høve den skadelidde hadde til å sikre bevis. Den skadelidde var 21 år og engasjert som ekstrahjelp i påska. Lagmannsretten rettar kritikk mot måten arbeidsgivaren handterte saka på. I ein slik situasjon burde retten ha vurdert nærmare kva oppmoding partane hadde til å sikre bevis.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen