Nedsett hørsel etter langvarig påverknad frå støy

Høgsteretts dom 13.11.2009, HR-2009-02149-A, (sak nr. 2009/460), sivil sak, anke over dom

Yrkesskadeforsikringslova § 11

A (advokat Geir Jøsendal) mot Gjensidige Forsikring BA (advokat Bård Iversen)

Dommarane: Bårdsen, Bruzelius, Øie, Matheson, Schei

Saka gjaldt dekning etter yrkesskadeforsikringslova § 11 av larmskade i form av lettare nedsett hørsel og tinnitus (øyresus), som kom av langvarig påverknad frå støy i ei trykkeribedrift. Hovudspørsmålet var om lova gjaldt der hørselstap, men ikkje tinnitus, vart påvist før lova tredde i kraft, jf. §§ 20 og 21 om at lova ikkje får verknad ”for skader eller sykdommer som er konstatert” før lova tredde i kraft
1. januar 1990.

A arbeidde frå 1960 til 1993 med trykkeriproduksjon. Han brukte aldri hørselsvern. Ved dei årlege testane hos bedriftshelsetenesta frå 1984 til 1992 var det merkt av for støyskade ”gruppe I” – eit mindre hørselstap som ikkje i seg sjølv gav grunnlag for medisinsk invaliditet og ikkje førte med seg nemneverdige problem for A. Utover 1990-talet fekk han større plager med tinnitus og vart sjukmeld frå september 2001. Fylkestrygdekontoret i Oslo godkjende i september 2003 tilstanden hans som yrkessjukdom. Han fekk uførepensjon med ein uføregrad på 100 % og meinerstatning basert på ein medisinsk invaliditet mellom 15 % og 24 %.

Gjensidige nekta dekning under yrkesskadeforsikringa og viste til at det var konstatert hørselstap allereie før 1990. For tingretten vann A fram med krav om dekning under forsikringa. Anken frå Gjensidige til lagmannsretten førte likevel fram. Lagmannsretten la til grunn at tinnitus berre kan dekkjast i den grad lidinga opptrer som tilleggssymptom til konstatert hørselstap, jf. folketrygdlova § 13-4 og yrkesskadeforskrifta § 1 D. Konstateringstidspunktet for primærskaden – hørselstapet som følgje av langvarig påverknad frå larm– gjeld da også symptom som er komne til seinare, mellom andre tinnitus.

Anken over lovbruken frå A til Høgsterett førte fram. Høgsterett byggjer vidare på Rt. 2000 side 70 og Rt. 2000 side 1338, medrekna synspunktet om at dei omsyna som ligg bak yrkesskadeforsikringsordninga, tilseier ein viss liberalitet overfor den skadelidne. Høgsterett legg til grunn at sjølv om det er samanhengen med ”nedsatt hørsel” som teknisk sett gjer at tinnitus kjem inn under yrkesskadeforskrifta § 1 bokstav D, er den trygde- og forsikringsmessige dekninga ved uførleik på grunn av larmskade ved hørselstap vesentleg vidare og fangar opp både tinnitus og psykiske lidingar som følgjer med. Dette må avspegle seg i kva perspektiv ein vel når det gjeld tidspunktet for konstatering i tilfelle der det nettopp er slike følgjer – og ikkje den nedsette hørsla – som skyggjer over alt anna i symptombiletet.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen