Søknad om familiesameining

Høgsteretts dom 18.09.2009, HR-2009-01826-A, (sak nr. 2009/745), sivil sak, anke over dom

Staten v/Utlendingsnemnda (advokat Gunnar O. Hæreid) mot A og B v/verje C (advokat Sigrid Broch)

Utlendingslova § 9 andre ledd

Dommere: Gussgard, Tjomsland, Webster, Matningsdal, Schei

Saka gjaldt gyldigheita av vedtak om avslag på søknad om familiesameining i medhald av utlendingslova § 9 andre ledd, som inneber at søknad om familiesameining kan nektast ”dersom det er sannsynlig at søkeren eller dennes særkullsbarn vil bli mishandlet eller grovt utnyttet”.

A og B, fødde høvesvis i 1996 og i 1998, er sysken og bur i X. I 2006 fremma dei søknad om familiesameining med mor si, som var kommen til Noreg i 2004 og hadde gifta seg med D her. Søknaden blei avslått med heimel i utlendingslova § 9 andre ledd under tilvising til at D var straffedømd for seksuelle overgrep mot eit barn under 14 år. Utlendingsdirektoratet fann det sannsynleg at søkjarane ”vil kunne” bli mishandla eller grovt utnytta dersom det blei gitt opphaldsløyve. Klage til Utlendingsnemnda (UNE) førte ikkje fram.

Tingretten frifann staten, men Borgarting lagmannsrett kjende UNEs vedtak ugyldig. Lagmannsretten la til grunn at vurderingstemaet var om det er sannsynsovervekt for at barna i framtida vil bli utsette for mishandling/overgrep, ikkje om dei ”vil kunne” bli det. Lagmannsretten fann ikkje sannsynsovervekt for at overgrep ville skje.

Høgsterett var einig i lagmannsrettens bevisvurdering og rettsbruk. Dei straffbare forholda låg meir enn åtte år tilbake i tid på vedtakstidspunktet, og det var ingen haldepunkt for at D hadde gjort eller prøvd å gjere nye straffbare handlingar av same art.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen