Spørsmål om eigedomsrett til setrar i Øyer

Høgsteretts dom 24.02.2009, HR-2009-00452-A, (sak nr. 2008/1383), sivil sak, anke over dom

Tinglysingslova § 27

Statskog SF (Regjeringsadvokaten v/advokat Ketil Bøe Moen) mot Arne Henning Nordby mfl. (advokat Christen S. Dahl)

Dommarane: Utgård, Flock, Matningsdal, Indreberg, Gussgard

Saka gjaldt spørsmålet om eigarar av seks gardsbruk har eigedomsrett eller berre bruksrett til særskilt matrikulerte setrar i Øyer statsallmenning.

Ei av setrane – som tilhøyrde ein seterhavar i tidlegare Fåberg kommune – vart særskilt matrikulert av matrikkelkommisjonen i 1820-åra. Dei andre setrane vart overdregne frå ein seterrettshavar i allmenningen til ein annan i perioden 1853–1875. Ved desse overdragingane skjedde det ei skylddeling av overdragarane sine eigedommar, som alle var gardsbruk. Ved desse skylddelingane vart ein del av skatteskylda lagt til dei overdregne setrane, som alle fekk eige matrikkelnummer.

Fleirtalet i lagmannsretten kom til at seterhavarane hadde vorte eigarar av den matrikulerte grunnen på setrane i medhald av tinglysingslova § 27, samanhalde med statens passivitet og det konkret rimelege.

Høgsterett la til grunn at for alle setrane var det bruksretten – retten til ei konkret seter i allmenningen – som vart særskilt matrikulert på 1800-talet.

Høgsterett kom til at det ikkje hadde skjedd ekstinksjon med grunnlag i tinglysingslova § 27. Når det ikkje kunne visast til at overdragaren var legitimert gjennom eit ugyldig dokument der rette eigar er part, var det ingen plass for ekstinksjon etter tinglysingslova § 27. Heller ikkje var det grunnlag for analogisk bruk av tinglysingslova § 27. Det vart her vist til at Statskog – eller staten – ikkje hadde utstyrt nokon med legitimasjon, og at dette då ikkje var aktuelt.

Heller ikkje var det grunnlag for ekstinktivt erverv på ulovfesta grunnlag, for erverv ut frå passivitet frå staten eller eventuelt erverv ut frå allminnelege rettsgrunnsetningar. Heller ikkje krav om eigarposisjon ut frå tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen førte fram.

Statskog fekk såleis medhald i sin anke, slik at Statskog er eigar av grunnen til dei særskilte matrikulerte setrene. Det var ikkje tvist om bruksretten til setergrunnen eller om eigedomsretten til seterhusa.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen