Spørsmål om lidd inntektstap fram til oppgjerstidspunktet kan krevjast dekt og utmåling av skadebot for utgifter til pleie og omsorg

Høgsteretts dom 01.04.2009, HR2009-00736-A, (sak nr 2008/568), sivil sak, anke over dom

Skadebotlova § 3-2a

A (advokat Steinar Winther Christensen) mot staten v/Pasientskadenemnda (advokat Ole Andresen)

Dommarane: Utgård, Falkanger, Indreberg, Flock, Gjølstad

I spørsmålet om lidd inntektstap kom Høgsterett til at skadebotlova § 3-2a må forståast slik at det med uttrykket ”tap i framtidig erverv” i skadebotlova § 3-2a første ledd blir vist til ”på skadetiden” i same leddet. A var skadd i 1987, då han var 14 år, og tap i erverv etter dette tidspunktet var såleis framtidig.  

Når det gjaldt utmåling av skadebot for utgifter til pleie og omsorg, kom Høgsterett til same resultatet som Pasientskadenemnda og lagmannsretten hadde kome til, nemleg at A – som er varig skadd – skal få ei skadebot på grunnlag av ein gjennomsnittleg årleg sum på 70 000 kroner. Dommen byggjer på lova og tidlegare praksis i Høgsterett. Utmålinga skjedde etter ei samla vurdering, med støtte i erklæring frå rettsoppnemnd sakkunnig.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen