Spørsmål om mishøveleg vedtak om utvising

Høgsteretts dom 13.11.2009, HR-2009-02152-A, (sak nr. 2009/744), sivil sak, anke over dom

Utlendingslova 24. juni 1988 nr. 64 § 30 tredje ledd

A (advokat Tom Barth Hofstad) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Christian Lund)

Dommarane: Webster, Matningsdal, Indreberg, Sverdrup, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om utvising i fem år av ein utlending med busetjingsløyve er mishøveleg etter utlendingslova 24. juni 1988 nr. 64 § 30 tredje ledd.

A kom til Noreg som 14-åring og budde saman med brørne sine som var mellom fem og ti år eldre enn han. Da han var i første halvdel av tjueåra, vart han dømd for fleire alvorlege valdsbrotsverk og for å ha trua eit vitne til å endre forklaring i ei straffesak mot han.

Høgsterett kom til at vedtaket om utvising ikkje var mishøveleg. Ved alvorleg kriminalitet skal det mykje til før utvising blir sett på som eit mishøveleg tiltak. At han var ung da han kom til Noreg, er eit vektig moment i vurderinga av samhøve, men ettersom A kom hit som 14-åring, måtte ein gå ut frå at han også har ei viss tilknyting til heimlandet.  

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen