Spørsmålet om kven som er skattemessig eigar av ein part i uttaksretten i Kobbelv kraftverk

Høgsteretts dom 02.04.2009, HR-2009-00747-A, (sak nr. 2008/1833), sivil sak, anke over dom

Skattelova § 9-2 andre ledd

Nordkraft AS (advokat Morten Fjermeros) mot Staten v/Sentralskattekontoret for storbedrifter (Regjeringsadvokaten v/advokat Espen Bjerkvoll)

Dommarane Stabel, Bårdsen, Endresen, Bruzelius, Stang Lund

Saka gjeld spørsmålet om kven som er skattemessig eigar av ein part i uttaksretten i Kobbelv kraftverk i eit tilfelle der denne parten er overført for 55 år mot eingongsvederlag, jf. skattelova § 9-2 andre ledd.

Statkraft eig Kobbelv kraftverk, og Nordkraft AS disponerer via avtale ein evigvarande rett til uttak av 17,5 prosent av krafta frå dette anlegget. I 1998 gjorde Nordkraft avtale med det britiske selskapet Eastern Group plc. om at dette selskapet for eit tidsrom av 55 år skulle disponere 87 prosent av denne parten, mot eit eingongsvederlag på 285 millionar kroner. På grunn av betalingsproblem hos Eastern blei avtalen gjord om i 2002, mot at Nordkraft betalte eit termineringsvederlag på 293 millionar kroner. Nordkraft var skattemessig eigar av parten. Også etter avtalen kravde selskapet seg likna som eigar, blant anna ved å kalkulere grunnrenteskatt og betale naturressursskatt. Etter bokettersyn varsla likningsstyresmaktene om endring av likninga. Likningsnemnda – og etter klage overlikningsnemnda – kom til at Nordkraft ikkje var skattemessig eigar den tida Eastern disponerte krafta. Uttaksavtalen blei rekna som eit sal og opphøyrsavtalen som eit tilbakekjøp, blant anna med den konsekvensen at det blei fastsett nye inngangsverdiar. Tingretten og lagmannsretten kom til at vedtaket var gyldig.

Høgsterett kom til same resultat. Ved fast eigedom gjeld eit utgangspunkt om minst 99 års tidslengd for at ein tidsavgrensa rett skal likestillast med eigedomsovergang. Dette kravet gjeld ikkje ved skattlegging av ein part i eit kraftverk, der forarbeida klart har føresett at det må gjerast ei heilskapsvurdering, utan noko absolutt krav til tidslengd, jf. Gloppen-dommen i Rt. 2005 side 394 når det gjeld utleige. Også ved uttaksrettar må det gjerast ei konkret vurdering av om rettshavaren har overteke dei vesentlege eigarråderettane og den økonomiske risikoen. Høgsterett kom til at dette var tilfellet, og at 55 år då var tilstrekkeleg. 

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen