Tolkinga av omgrepet "midlertidig forskjell" etter selskapsskatteloven - nå skatteloven

Høgsteretts dom 09.09.2009, HR-2009-01782-A, (sak nr. 2009/117), sivil sak, anke over dom

Selskapsskattelova § 1-6 nr. 2 - nå skattelova av 1999 § 10-5 andre ledd

Staten v/Skatt øst (Regjeringsadvokaten v/advokat Amund Noss) mot Aldebaran AS (advokat Christian Bruusgaard)

Dommarane: Matningsdal, Stabel, Møse, Tønder, Tjomsland

Spørsmål om eit skattefritak på vilkår er ”midlertidig forskjell” etter selskapsskattelova § 1-6 nr. 2 – no skattelova av 1999 § 10-5 andre ledd.

Som ledd i ei omstrukturering av Kistefos-konsernet overdrog Aldebaran AS i 1998 selskapets aksjar i tre aksjeselskap til andre konsernselskap etter dei reglane om konserninterne overføringar som gjaldt då. Ved overdraginga blei det oppnådd ein gevinst på ca. 235 millionar kroner. Forskrifta, som no er ført vidare i forskrift av 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling av skattelova … § 11-21, fastsette at det overdragande selskapet oppnådde skattefritak på vilkår, mens det mottakande selskapet på si side måtte overta skatteposisjonen til det overdragande selskapet. Dersom konserntilknytinga blei broten, måtte den vilkårsbundne skattefrie gevinsten takast til skattlegging hos det overdragande selskapet, jf. § 10 første ledd i forskrifta.

I april 1999 vedtok generalforsamlinga i Aldebaran AS å dele ut 720 millionar i utbytte til morselskapet, Holding AS. Då likningskontoret deretter peikte på at denne utbytteutbetalinga utløyste korreksjonsskatt, blei utbytteutbetalinga i juni 1999 redusert til 550 millionar kroner, som i alle høve kunne delast ut utan å utløyse korreksjonsskatt. Likningsstyresmaktene kom til at det ikkje var høve til å gjere om utbytteutbetalinga med verknad for korreksjonsskatten. Ei klage til overlikningsnemnda førte ikkje fram, og selskapet blei gitt ein korreksjonsskatt på ca. 65 millionar kroner.

Lagmannsretten kom til at ein vilkårsbunden skattefri gevinst ikkje kan reknast som ”midlertidig forskjell”. Høgsterett kom til same resultat og forkasta statens anke.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen