Krav om skadebot for formuestap som følgje av ras

Høgsteretts dom, 19.01.2010, HR-2010-00102-A, (sak nr. 2009/1092), sivil sak, anke over dom

Staten v/Samferdselsdepartementet (advokat Steffen Kvisler) mot Tollerudelva AS (advokat Fredrik Edvardsen)

 

Dommarane Utgård, Matheson, Indreberg, Tønder, Tjomsland

Saka gjaldt krav mot staten om skadebot for formuestap for drivar av kiosk på rasteplass ved E18 etter stenging av vegen som følgje av ras i Hanekleivtunnelen, valda ved aktløyse hos Statens vegvesen.

I samband med opning av parsell av ny E18 gjennom Vestfold i 2001 etablerte Statens vegvesen rasteplassar med kioskar og toalettanlegg på begge sider av vegen ved Tollerudelva, ca. 6 km frå Hanekleivtunnelen. Etter tilbodsutlysing fekk selskapet Tollerudelva AS avtale med vegvesenet om leige av kioskane. Som vederlag for leiga skulle selskapet ha oppgåver med drift av rasteplassane og toalettanlegga. I 2004 vart omfanget av driftsoppgåvene endra, og selskapet fekk då også eit visst vederlag for arbeidet med rasteplassane og toalettanlegga.

Som følgje av raset vart Hanestadtunnelen  i 2006 stengt i nesten eit halvt år, og trafikken var i denne perioden sterkt redusert forbi Tollerudelva. Vegen var heilt tida open forbi rasteplassane. Kravet frå selskapet gjeld skadebot for tap ved at kioskane måtte stengje i denne perioden.

Høgsterett – fleirtalet på tre dommarar – kom til at kravet ikkje kunne føre fram. Kontrakten omtala ikkje spørsmål kring stenging av vegen, og etter fleirtalet sitt syn var det ikkje tilstrekkeleg bevisgrunnlag for ved utfyllande tolking å leggje inn ein føresetnad om normal drift av vegen forbi rasteplassane. Vegvesenet var gjennom aktlaus handlemåte ansvarleg for skaden frå raset i Hanekleivtunnelen. Etter fleirtalet sitt syn var det likevel ikkje tilstrekkeleg kvalifisert samanheng mellom den aktlause handlinga og skaden hos Tollerudelva AS, til at det kunne utløyse ansvar for staten etter reglane om ansvar utanfor kontrakt. Såleis var det verken tilstrekkeleg nærleik mellom handlinga og skaden hos selskapet eller slik konkret og nærliggjande samanheng mellom desse at det tala for ansvar. Samla sett var det etter fleirtalet sitt syn ikkje noko urimeleg eller urettferdig utslag av reglane om skadebot utanfor kontrakt at kravet ikkje vart godteke.

Mindretalet – to dommarar – røysta for at kravet frå selskapet skulle godtakast. Etter mindretalet sitt syn måtte kontrakten tolkast ut frå at rasteplassanlegga var ein integrert del av veganlegget, og at selskapet hadde etablert kioskdrift og investert i denne etter avtale med vegvesenet. Det måtte då vere ei motståande plikt for vegvesenet til å halde ferdselsåra operativ slik at gjennomgangstrafikken hadde tilkomst til rasteplassanlegget. Når skaden var valda ved aktløyse hos vegvesenet, måtte det utløyse ansvar, utan omsyn til om det var ein viss avstand mellom rasstaden og rasteplassane. Etter mindretalet sitt syn måtte staten også vere ansvarleg etter reglane om skadebot utanfor kontrakt. Mindretalet viste til vurderinga om at veganlegget i denne delen av Vestfold var eit heile, og det var då dette veganlegget skaden hadde råka. I og med at kioskane og rasteplassanlegga etter deira syn var ein integrert del av veganlegget, var det då tilstrekkeleg tilknyting til å gi grunnlag for skadebot etter reglane om ansvar utanfor kontrakt.

Les avgjørelsen i sin helhet 

Til toppen