Krav om tilbakebetaling av konsesjonsavgift og tilleggsbetaling for konsesjonskraft

Høgsteretts dom, 25.06.2010, HR-2010-01104-A, (sak nr. 2010/157), sivil sak, anke over dom

Røros kommune mfl. (advokat Ulf Larsen) mot Opplandskraft DA mfl. (advokat Jon Rabben)

Dommarane Utgård, Bruzelius, Bårdsen, Tønder, Coward

Hovudspørsmålet i saka gjaldt krav om tilbakebetaling av konsesjonsavgift og tilleggsbetaling for konsesjonskraft frå kommune der det endelege vedtaket ved vassdragsreguleringskonsesjon påla kraftselskap mindre skyldnader enn det som hadde vore lagt til grunn mellombels.

Statsreguleringa av Aursunden i Røros kommune opphøyrde 13. mai 1986. Glommens og Laagens Brukseierforening fekk mellombels konsesjon til ny regulering i 1987, og varig konsesjon i 1997. Som ein del av konsesjonsvilkåra vart kraftselskapa, Opplandskraft DA og Eidsiva Vannkraft AS, pålagde å betale konsesjonsavgifter og å levere konsesjonskraft. Konsesjonsavgiftssatsen vart endra i 1997, og kraftselskapa vart då pålagde å etterbetale avgift attende til 1986. Det var desse åra også endringar i fordelinga mellom kommunane, som ikkje vedrørte den totale avgiftsplikta for kraftselskapa, men som vart ordna ved overføringa kommunane seg i mellom. Først i 2006 fastsette Noregs Vassdrags- og Energidirektorat kraftgrunnlag – som er den auke i vasskrafta som er innvunnen ved reguleringa, og dette kraftgrunnlaget vart sett vesentleg ned som følgje av nye utrekningsprinsipp. Nedsetjinga vart gitt verknad frå 13.5. 1986. Kraftselskapa hadde med det betalt for mykje konsesjonsavgift og levert for mykje konsesjonskraft i heile denne perioden. Dette er bakgrunnen for krava om tilbakebetaling av konsesjonavgift og om tilleggsbetaling for konsesjonskraft.

Høgsterett kom til at vassdragsreguleringslova berre gir heimel for reguleringsstyresmaktene til å påleggje ytingar til kommunane. Heller ikkje på anna vis er det offentlegrettsleg grunnlag for kraftseselskapa for å krevje tilbakebetaling og etterbetaling.

Fleirtalet i Høgsterett – dommarane Utgård, Tønder og Bårdsen – kom til at kraftselskapa måtte få medhald i krava om tilbakebetling og etterbetaling ut frå læra om condictio indebiti (ulovfesta tilbakesøking). Det vart vist til at det var tale om ytingar som kraftselskapa var pliktige til å stå for etter lova, og det må då vere eit utgangspunkt at det offentlege er pliktig til tilbakebetaling, så langt dette kravet ikkje er forelda. Det var også mellombelse fastsetjingar. Villfaringssynspunkt hos betalaren og ”god tru” hos mottakarane er då omsyn av lita vekt.

Mindretalet – dommarane Coward og Bruzelius – kom til motsett resultat. Det er ingen vanleg condictio indebitisituasjon, då betalingane var korrekte på det tidspunktet dei vart gjorde. Etter deira syn skil tilhøvet i vassdragsreguleringssaker seg frå det i vanlege skatte- og avgiftssaker. Kommunen hadde her ingen grunn til å tru at ei endring av kraftgrunnlaget ville føre til nedsetjing, og den hadde såleis innretta seg og disponert over midlane.

Fleirtalet kom også til at kommunen måtte betale saknadsrente frå endringstidspunktet 13. mai 1986. Det vart vist til at det var slik plikt for kraftselskapa der dei måtte etterbetale, og at likevektsomsyn då tilsa renteplikt for kommunane. Dessutan vart det vist til at pålegging av saknadsrente gjer at vinsten ved pengane kjem til den som eigentleg skulle hatt pengane.

Ein samla rett la til grunn at foreldingsfristen først ville starte å gå frå den endelege avgiftsfastsetjinga i 2006. Krava var dermed ikkje forelda.

Det var også semje om at kraftselskapa ikkje kunne motrekne sine krav mot plikta til å betale konsesjonsavgift, jf. kommunelova § 53 nr. 1. Avgift i denne lova omfattar såleis også avgifter av slik karakter som konsesjonsavgifta.

Anken over lagmannsrettsdommen om plikt til tilbakebetaling med tillegg av renter var dermed forkasta. Også motanken vart forkasta.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen