Søksmål etter tvistelova § 19-12 om endring av eit rettsforlik som er inngått etter reglane i tvistemålslova

Høgsteretts orskurd, 17.09.2010, HR-2010-01551-A, (sak nr. 2009/1351), sivil sak, anke over orskurd

 
A (advokat Atle E. Lunder) mot B, C og D (egen)

Dommarane: Matheson, Bruzelius, Øie, Endresen, Tjomsland

Saka gjaldt søksmål etter tvistelova § 19-12 om endring av eit rettsforlik som er inngått etter reglane i tvistemålslova. Hovudspørsmålet i saka var om overgangsreglane til tvistelova må tolkast innskrenkande, slik at det ikkje kan reisast søksmål i dei tilfella der den ordinære fristen for å anke over rettsforliket var gått ut da tvistelova tredde i kraft.

Høgsterett tok utgangspunkt i at den absolutte fristen for oppreisning etter den tidlegare føresegna i domstollova § 154 første ledd ikkje hadde gått ut da tvistelova tredde i kraft. Det kunne derfor inntil da ha vore anka over rettsforliket etter tvistemålslova § 286.

Tvistelova forlengjer reelt sett rettsmiddelfristen for rettsforlik. Forlenging av fristar som ikkje har gått ut når ein ny lovregel trer i kraft, reiser ikkje spørsmål om inngrep i nokon "bestående rettsposisjon" etter Grunnloven § 97. Høgsterett kom derfor til at overgangsreglane ikkje kunne tolkast innskrenkande i ein situasjon der dei absolutte oppreisningsfristane for anke over rettsforlik ikkje hadde gått ut da tvistelova tredde i kraft. Den aktuelle saka stod i ei anna stilling enn det som var situasjonen i orskurd 8. juni 2010 (i sak 2009/1113), der den tidlegare absolutte fristen for gjenopning hadde gått ut da tvistelova tredde i kraft.

Saka blei avgjord etter skriftleg behandling av fem dommarar i avdeling. Orskurden var samrøystes.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen