Spørsmål om eit regresskrav mot tidligare eigar på grunn av mangel ved overdraging av fast eigedom er forelda

Høgsteretts dom 01.06.2010, HR-2010-00940-A, (sak nr. 2009/1853), sivil sak, anke over dom

Tarald Johan Skagefoss (advokat Geir Knutsen) mot Rolf Arild Rufsvoll og Protector Forsikring ASA (advokat Anne Cathrine Røed)

Dommarane: Stabel, Utgård, Falkanger, Støle, Bruzelius

Spørsmål om eit regresskrav mot tidlegare eigar på grunn av mangel ved overdraging av fast eigedom er forelda. Skal tilleggsfristen i foreldingslova § 8 første punktum brukast når seljaren har innfridd eit krav frå kjøparen i eit tilfelle der kjøparen kunne ha gjort, men ikkje har gjort, direktekrav gjeldande mot den tidlegare seljaren etter avhendingslova § 4-16?

Tarald Skagefoss selde i desember 2003 ein eigedom i Asker til Rolf Rufsvoll, med overtaking i juni 2004. Rufsvoll selde i april 2005 bustaden vidare til Grethe Aasved. I mai 2006 reklamerte Aasved over manglar ved bustaden og kravde prisavslag. Etter ein forliksklage i desember 2006 reiste ho søksmål mot Rufsvoll og forsikringsselskapet hans, Protector. Rufsvoll og selskapet reklamerte overfor Skagefoss, og tok 22. desember 2008 ut stemning med krav om at han var ansvarleg for det beløpet dei måtte bli dømde til å betale til Aasved. Skagefoss gjorde gjeldande forelding. Tingretten og lagmannsretten kom til at kravet ikkje var forelda.

Fleirtalet i Høgsterett kom til same resultat. Etter foreldingslova § 8 gjeld ein særskild tilleggsfrist på eitt år frå innfriinga i tilfelle der ein av fleire skyldnarar innfrir og deretter reiser regresskrav mot ein eller fleire av dei andre. Kravet frå Rufsvoll mot Skagefoss etter ei eventuell innfriing overfor Aasved var eit slikt regresskrav. Etter avhendingslova § 4-16 kunne Aasved, i staden for å reise sak mot Rufsvoll, reist direktekrav mot Skagefoss. I så fall ville kravet ho gjorde gjeldande, vore Rufsvoll sitt eige krav mot Skagefoss. Dei to var derfor samskyldnarar. Det gjeld ikkje noko krav om at ansvaret skal vere solidarisk. At ei slik løysing i enkelte saker kan føre til at krav som elles ville ha vore forelda etter tre år mellom dei opphavlege kontraktspartane, ”våkner til live”, var noko lovgivaren hadde vurdert.

Éin dommar – dommar Utgård – stemte for at anken skulle takast til følgje.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen