Rekkjevidda av vernet for utøvande kunstnarar

Høgsteretts dom, 25.03.2010, HR-2010-00527-A, (sak nr. 2009/1905), sivil sak, anke over dom

A (advokat Eirik Djønne) mot Norsk rikskringkasting AS mfl. (advokat Jon Wessel-Aas)

Dommarane: Møse, Matheson, Bruzelius, Øie, Gjølstad

Saka gjaldt rekkjevidda av vernet for utøvande kunstnarar i åndsverklova § 42 og sitatretten i § 22.

I samband med ein film som viste parodiar på scenar i tidlegare filmar, viste NRK til samanlikning eit ti sekunds utsnitt frå filmen ”Brent av Frost”. Det omfatta mellom anna ein samleiescene og at den kvinnelege skodespelaren blir vist naken framanfrå i to sekund. Ho hadde tidlegare sett seg imot at nakenscenen skulle visast isolert, og gjekk til sak mot NRK. Ho vann fram i tingretten, men tapte i lagmannsretten.

Høgsterett tok anken hennar til følgje. Høgsterett kom til at heile utsnittet fall inn under vernet for utøvande kunstnarar i åndsverklova § 42. Det krevst ikkje verkshøgd, men at skodespelarprestasjonen har kunstnarisk karakter. Sitatretten i § 22 gav heimel for å vise samleiescenen. Men nakenscenen var ikkje ein del av parodien, og det låg ikkje føre noka tilfredsstillande forklaring på kvifor han var teken med. Det var derfor sitert utover formålet. Éin dommar – dommar Matheson – meinte at også det å vise nakenscenen fall inn under sitatretten.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen