Anke over saksbehandlinga i lagmannsretten i ei sak der den domfelte er funnen skyldig i drapsforsøk

Høgsteretts dom, 28.10.2010, HR-2010-01835-A, (sak nr. 2010/1106), straffesak, anke over dom

A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Tor Henning Knudsen)

Dommarane: Webster, Coward, Øie, Noer, Tjomsland

Saka gjeldein anke over saksbehandlinga i lagmannsretten i ei sak der den domfelte er funnen skyldig i drapsforsøk.

Det blei heldt fram at det var ein saksbehandlingsfeil som måtte føre til oppheving av dommen i lagmannsretten, at aktor under prosedyren om skyldspørsmålet kom inn på resultatet av ein fotokonfrontasjon som det ikkje hadde vore ført bevis for tidlegare under forhandlingane. Dette var ein klar feil frå aktor si side. Lagmannsretten bestemte seg for å gjenopne bevisførselen og handterte problemet som var oppstått, på ein måte som tok vare på omsynet til kontradiksjon og likebehandling. Det var da ikkje nokon feil ved saksbehandlinga i lagmannsretten. At bevisverdien av fotokonfrontasjonen var liten, på grunn av måten han var blitt til på, kunne ikkje føre til at beviset ikkje kunne førast, men måtte takast omsyn til ved bevisvurderinga.

Det blei vidare gjort gjeldande at det var ein saksbehandlingsfeil som måtte føre til oppheving av dommen i lagmannsretten, at ein medlem av lagretten, utan løyve frå lagmannen, hadde forlate tinghuset i ein kort periode før rådslaget i lagretten begynte. Høgsterett tok ikkje stilling til om dette utgjorde ein saksbehandlingsfeil, jf. straffeprosesslova § 359, da hendinga uansett ikkje kunne ha verka inn på innhaldet i dommen. Lagrettemedlemmen hadde vore ute i ca. eitt minutt, ho hadde ikkje snakka med nokon, og rådslaget hadde ikkje starta før ho var tilbake.

Anken blei forkasta.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen