Bevisbyrde ved spørsmål om provokasjon

Høgsteretts dom, 04.02.2010, HR-2010-00222-A, (sak nr. 2009/1773), straffesak, anke

A (advokat Frode Sulland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Straffelova § 228 andre ledd

Dommarane: Flock, Stabel, Bårdsen, Tønder, Tjomsland

A blei i tingretten dømd til fengsel i 60 dagar for brot på straffelova § 228 andre ledd. Han anka til lagmannsretten, som i dommen gav uttrykk for at retten ikkje fann det bevist at det låg føre provokasjon, og heldt straffa ved lag. Høgsterett oppheva dommen i lagmannsretten med ankeforhandling. Den strenge bevisbyrda som påtalemakta har i straffesaker, gjeld også ved vurderinga av om det ligg føre provokasjon. Det er svært viktig at domstolane i grunngivinga si ikkje ordlegg seg slik at det kan oppstå tvil om dette prinsippet er følgt. Slik lagmannsretten hadde grunngitt avgjerda si, var det i dette tilfellet skapt ein slik tvil.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen